
|
Stoppa førti slagsmål
Militærpolitiet på Bardufoss fekk hendene fulle natt til 1. mai då dei måtte handsame førti slåsskampar på fire timar.
Av Thomas Gramstad, Forsvarets mediesenter

| | BRÅK: Det var ei hektisk natt for dei ti MP-soldatane då det braut ut 40 slåsskampar på fire timar på Bardufoss natt til 1. mai. Illustrasjonsfoto: Torbjørn Kjosvold, FMS. |
Då det sivile politiet ikkje hadde ressursar til å rykkje ut natt til 1. mai bad dei Militærpolitiet (MP) om hjelp. Det blei ei hektisk natt då om lag 300 menneske hamna i slåsskamp, på ein og same stad.
– Over førti slagsmål på ei natt er i seg sjølv ganske alvorleg. I tillegg vart det utøva vald mot ein offentleg tenestemann og ein soldat fekk ei flaske knust mot hovudet, fortel kaptein Ole Johan Skogmo, ansvarleg for MP-patruljen den aktuelle natta.
Eit synleg militærpoliti
Ifølgje Skogmo er ikkje dette første gongen Militærpolitiet på Bardufoss har stoppa brotsverk.
– I ein liten stad som Bardufoss er Militærpolitiet eit synleg innslag for sivilbefolkninga, og vi grip inn viss urett skjer. Det er stort sett ordensforstyrringar kvar helg. Vi bidreg mykje til å oppretthalde ro og orden, seier kapteinen.
Trass i at Militærpolitiet ikkje har politimyndigheit utanfor militært område, meiner han at nærværet gir MP-patruljane eit større ansvar. Om bråkmakarar er sivilistar eller militært personell er uvesentleg.
– For Militærpolitiet spelar det inga rolle. Vi er trena for å kunne handsame slike situasjonar, så vil identifisering av personane vise om dei er militære eller sivilistar. Sistnemnde vert overlevert til sivilt politi, forklarer MP-kapteinen.

| | SAMARBEID: Militærpolitiet og det sivile politiet samarbeidar på ei rekkje område. Illustrasjonsfoto: Torbjørn Kjosvold, FMS. |
Ingen alvorleg skadd
100 av dei i alt 300 menneska som var samla på staden kor slagsmåla fann stad, var soldatar. Éin fekk ei flaske knus i hovudet og måtte sy 20 sting i panna.
– Det går etter tilhøva bra med soldaten. Heller ingen MP-soldatar vart skadd i hendinga, opplyser Skogmo.
Totalt elleve MP-soldatar og to hundar måtte gripe inn for å stoppe slåsskampane som gjekk over fire timar. Skogmo har aldri før opplevd noko liknande:
– Vi har handsama store slåsskampar før, men aldri tidlegare har dei vart så lenge. Men Militærpolitiet har full forståing for at politiet måtte prioritere ei anna hending ein annan stad. Vi er berre glade for at vi fekk stoppa det heile før nokon blei alvorleg skadde.
Saka vil verte etterforska av sivilt politi.
|

|