Forsiden Aktuelt Presse Pekere Fakta Send spørsmål Nettstedskart Søk Kontakt
 
Forsvarsnett :

Innhold


Om Forsvarsnett
 



Espen Schiager, 2007-05-04


Endeleg på plass

FREDRIKSTAD: Med fleire av dei deltakande fartya på plass i hamna i Fredrikstad, er det klart for årets Marinemeisterskap. Med meir enn fem hundre deltakarar er det lite tvil om at meisterskapet vil sette farge på byen.

Av Andreas Steinnes Bjerknes, Sjøforsvaret

Foto: Andreas Steinnes Bjerknes, Sjøforsvaret
STERK: Fregatten KNM Narvik har teke samanlagtsigeren under Marinemeisterskapet heile seks gongar.

Marinemeisterskapet vert arrangert for 48. gang. I år er det Fredrikstad som er vertsby og med historie som viktig forsvarsby er ramma sett for eit flott arrangement.

Skape blest omkring fysisk fostring
– Marinemesisterskapet er kome for å bli. Det skal vere moro og samhaldsskapande, noko vi får til gjennom å konkurrere innbyrdes mot kvarandre. At det igjen vert arrangert eit slikt meisterskap er båe spannande og særs gledelig, fortel Tronstad.

– I den moderne Marinen ligg mykje av fokuset på høgteknologiske løysingar med opplæring og bruk, men fysisk fostring er ei forutsetjing for at vi skal kunne drive ei operativ marine. Marinemeisterskapet bidreg til å skape blest omkring fysisk fostring og kan motivere alle til å legge innsats i å trene, held Tronstad fram.

Øvingane startar først mandag, men heile helga vil det mellom anna vere opne skip i hamna. I tillegg vil det verte arrangert mange velferdsarrangement som fartya sine besetningar kan nyte godt av.

Oppleving
– Eg er sikker på at Fredrikstad si befolkning, det varierte kulturlivet og Den Kongelige Norske Marine i fellesskap vil gjere Marinemeisterskapet til ei oppleving som vert vanskelig å gløyme, seier Håkon Tronstad.

Årets Marinemeisterskap vert arrangert veka før dei fleste deltakande fartya reiser til Østersjøen for øvinga Noble Mariner. Såleis vil meisterskapet i Fredrikstad vere ei flott anledning for besetningane til å møte mannskap frå farty ein seinare kanskje berre vil sjå frå utsida.

KNM Narvik vil gjennomføre båe sitt siste Marinemeisterskap og si siste øving under Noble Mariner, før fartyet skal avhendast i Horten 11. juni. Fregatten har teke samanlagtsigeren under Marinemeisterskapet heile seks gongar, og spørsmålet vert sjølvsagt om mannskapet avsluttar den flotte meisterskapshistorikken med stil.




 

Relaterte artikler
Ingen relaterte artikler.