
|
Zwartmalar ikkje Forsvaret
RYGGE: Seks middelaldrande fredrikstadtilhengjarar er innkalla til repetisjonsøving i Heimevernet. Det går ikkje heilt problemfritt. I alle fall ikkje på film.
Av Thomas Gramstad og Torbjørn Kjosvold (foto), Forsvarets mediesenter

| | ORDNAR OPP: I filmen må militærpolitiet, spelt av korporalane Christoffer Solbakken (t.v.) og Marius Kolkin (heilt til høgre), hente hovudpersonane når dei ikkje svarar på innkallinga til HV-øvinga. I midten er skodespelarane Frode Lie (t.v.) og Anders Fjell. |
– Det er ikkje meininga å dumme ut Forsvaret. Det er hovudpersonane i filmen som tabbar seg ut, fortel ein entusiastisk regissør Harald Zwart. Lys, kablar, kamera og hovud fulle av idear og visjonar har flytta inn i ei brakke på Rygge flystasjon. Her er tida fienden.
Klart engasjement
Forsvaret er sterkt involvert i innspelinga av den norske komedien ”Lange Flate Ballær 2”. Helikopter, stridsvogner og soldatar er berre nokre av ressursane Forsvaret stiller opp med. Det gjer jobben lettare for filmskaparane.

| | TAKKSAM: Regissør Harald Zwart er glad for støtta frå Forsvaret i samband med filminnspelinga. |
– Vi har fått heilt fantastisk støtte. Forsvaret har vist ein utruleg velvilje i samband med prosjektet. Vi har fått låne nesten alt vi har spurt etter, seier Zwart.
Trass i at filmen er ein komedie, kan regissøren forsikre at Forsvaret ikkje vert dumma ut.
– Eg har gjort ein tøff militærfilm med Hamilton. Denne filmen vil mellom anna vise Forsvaret som det er i dag, legg han til.
Til stades og synleg
Filmen, som har premiere i påsken neste år, har ikkje mangel på statistar. Til og med ein ekte flaggkommandør har filmskaparane fått med seg på settet.
– Det er veldig morosamt, men samstundes heilt annleis frå det eg vanlegvis gjer, seier Louise Bastviken, sjef for Forsvarets stabsskole.
– Vi kan vere litt leikne og samstundes sette Forsvaret inn i ein litt morosam setting. Eg trur dette kan vere bra for rekrutteringa, legg ho til etter å ha fått nokre instruksjonar frå filmprodusentane. Det er nemlig ingen spøk å spele Don Johnson sin liaisonoffiser.

| | VENNER: Louise Bastviken spelar liaisonoffiser i filmen. Flaggkommandøren og Zwart voks begge opp i Fredrikstad og er gamle venner. |
– Støtte til norsk kultur
Ifølgje Harald Rist Aamoth ved Heimevernsstaben kan filmen gi folk eit nytt syn på Forsvaret:
– Forsvaret har ei sentral rolle i filmen. Det er ei støtte til norsk kulturproduksjon og ein måte å nå ut til og vise folk litt korleis Forsvaret er i dag, seier han.
Godt samarbeid til trass, filmskaparen Harald Zwart har førebels ingen planar om fleire filmar med Forsvaret, men opphaldet på Rygge flystasjon har kanskje gjort inntrykk:
– Det neste blir vel Top Gun med det norske forsvaret, spøker han.
|

|