Forsiden Aktuelt Presse Pekere Fakta Send spørsmål Nettstedskart Søk Kontakt
 
Forsvarsnett :

Innhold


Om Forsvarsnett
 



Thomas Olsen Gramstad, 2007-05-16


Sørgjer for kanonfeiringar

Då folk reagerte på slurvete saluttering i samband med feiringa av prins Sverre Magnus sin fødsel, var det nok. No blir personar tilknytt Forsvaret sende på saluttkurs.

Av Thomas Gramstad, Forsvarets mediesenter og Vegar Schwartz (foto), HV-staben.

Foto: Vegar Schwartz, HV-staben
KURS MED FUTT I: 36 personar med tilknytning til Forsvaret var med på kurset som vart heldt fredag og laurdag førre veke på Kongsvinger.

Det første kurset vart heldt i fjor av Artilleriets offisersforening. Fredag og laurdag i førre veke small dei gamle kanonane nok ein gong i Kongsvinger.
– Ein stor suksess, meiner kursleiar Svein Rune Hoksrød.

Forsvaret tek over
I år som i fjor var det 36 personar som gjennomførde saluttkurset. Dei fleste deltakarane er anten vernepliktige eller offiserar i Heimevernet. Forsvarssjefen har bestemt at Forsvaret er ansvarleg for saluttering på seksten av festningane rundt omking i landet. Dermed tek dei over for ulike foreiningar som sjølv har drive saluttering på festningar utan militært nærvær.

– Heimevernet har ansvaret for ti av festningane, medan Sjøforsvaret og Hæren skal sørgje for saluttering på høvesvis fire og to festningar, seier Hoksrød.

Foto: Vegar Schwartz, HV-staben
TRADISJONAR: Ifølgje Svein Rune Hoksrød dreier saluttering seg om århundrelange tradisjonar. Likevel vert det lagt stor vekt på tryggleik under kurset.

Salutteringa følgjer dei offisielle flaggdagane og viktige storhendingar, og er tufta på gamle tradisjonar. Men det er ikkje heilt ufarleg å vere kanonoperatør.

Erfaring og teori
Med artillerioffiserar som instruktørar og ein lege klar til aksjon, fekk dei 36 deltakarane ei grundig innføring i bruken av dei gamle festningskanonane. Tryggleika har alltid høgaste prioritet.

– Med den førre ordninga, då diverse foreiningar skaut med desse kanonane, var trykkleiken ikkje god nok. Men no får vi folk som er trena til å handsame ordentlege salutteringar, fortel Svein Rune Hoksrød.

Det trengs to eller tre personar for å avfyre saluttar med festningskanonane. Éin har i oppgåve å telje kor mange skot som er blitt avfyrte. Ifølgje Hoksrød er den kongelege salutten på 21 skot den vanlegaste og det er ein slik som vert gjennomført 17. mai.




 

Relaterte artikler
Ingen relaterte artikler.