Forsiden Aktuelt Presse Pekere Fakta Send spørsmål Nettstedskart Søk Kontakt
 
Forsvarsnett :

Innhold


Om Forsvarsnett
 



Randi Ellingsen, 2007-05-22


Fregattane sine jordmødrer

FERROL: Fregattane i Fridtjof Nansen-klassa er toppmoderne og svært komplekse system. Difor er det ikkje berre mannskapet som jublar når eit skip vert overlevert Forsvaret, for gleda må dei dele med folka i fregattprosjektet.

Av Thomas Gramstad og Torbjørn Kjosvold (foto), Forsvarets mediesenter

Foto: Torbjørn Kjosvold, Forsvarets mediesenter
OVERSIKT: – Den største utfordringa er heilt klart å halde oversikt over alt som skjer, seier leiaren for fregattprosjektet, kommandør Nils Andreas Stensønes i Flo.

Fregattprosjektet har som hovudoppgåve å sjå til at bygginga av dei fem nye fregattane til Forsvaret går etter planen. Med så avanserte system er det alltid nok å halde styr på.
– Den største utfordringa er heilt klart å halde oversikt over alt som skjer, seier leiaren for fregattprosjektet, kommandør Nils Andreas Stensønes i Forsvarets logistikkorganisasjon (Flo).

Eit kjempeprosjekt
Det er Flo som driv fregattprosjektet. I samarbeid med forsvarsgreinene skal Stensønes og hans kollegaer kjøpe, kontrollere bygginga av og til slutt teste kvar einaste av dei fem fregattane. Og samarbeidet med det spanske skipsverftet Navantia har til no vore godt.

– Det har vore eit godt samarbeid med verftet. Dei viser stor vilje til å løyse problem som oppstår undervegs, seier kommandøren.

Bygginga og testinga av den første fregatten, KNM Fridtjof Nansen, har vore ei særs nyttig erfaring.

– Vanlegvis vert det bygd ein prototype av eit nytt skip. Det hadde vi ikkje tid til med den første fregatten, så han var ein såkalla ”first of class”. Grunna av feilsøkinga på det første fartøyet og dei manglane som vert avdekte, har vi vore i stand til å raskt løyse tilsvarande problem på det andre skipet, fortel Stensønes.

Foto: Torbjørn Kjosvold, Forsvarets mediesenter
VÅT SIGNERING: Flo-sjef og generalmajor Trond R. Karlsen signerer overtakingsavtala med Navantia sin verftsdirektør, Angel Recaman.

Nummer to
Evaluering av fartøyet er høgt prioritert, nettopp for å avdekke manglar. Fregatt nummer to skal difor gjennom ein testperiode på eitt år. Her vert skipet kjørt gjennom både klassetestar og individuelle testar. Samstundes skal mannskapet få opplæring i bruken av dei ulike systema om bord på det toppmoderne fartøyet.

Erfaring som grunnlag
Nils Andreas Stensønes tok over jobben som leiar for fregattprosjektet 22. mars. Han har mellom anna operativ bakgrunn frå MTB-våpenet og MTB-prosjektet. I tillegg har Stensønes jobba med våpensystema på fregattane. Etter nokre år i oljeindustrien returnerte han til Forsvaret.
Mandag såg han og resten av fregattprosjektgruppa at fartøy nummer to vart overlevert Forsvaret. Det vekte kjensler.

– Dette er verkeleg ein stor dag. Vi er veldig nøgde med resultatet av det lange arbeidet, sa kommandøren før overtakinga.




 

Relaterte artikler
Ingen relaterte artikler.