
|
Foreslår nye transportfly
– Dei transportflya vi har no er førti år gamle og kan ikkje utføre alle formar for taktiske operasjonar, seier forsvarsminister Strøm-Erichsen. I dag vart det lagt fram eit forslag om anskaffing av nye transportfly.
Av Thomas Gramstad og Torgeir Haugaard (foto), Forsvarets mediesenter

| | NYE TRANSPORTFLY: Forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen la i dag fram forslag om innkjøp av fire nye transportfly av typen C130J Hercules. Til venstre sit militærassisterande departementsråd Kjell Grandhagen og heilt til høgre er kommunikasjonsdirektøren i Forsvarsdepartementet, Kåre Helland-Olsen |
I dag presenterte forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen ein stortingsproposisjon om fire nye transportfly av typen C130J Hercules for det norske forsvaret. Det første av i alt fire nye fly kan verte levert i 2008.
Tryggleika først
Transportflya som Luftforsvaret har i dag har vore gjennom ei oppgradering i Canada. Vengene på desse C130H-maskinene har vorte skifta ut. Likevel møter flya ikkje dei krava Forsvaret stil.
– Dei oppgraderte flya har avgrensa avionikk og sjølvverningsutrustning, seier militærassisterande departementsråd, generalløytnant Kjell Grandhagen.
Men hovudårsaka til at det vert foreslått innkjøp av nye fly er for å gjere tryggleiken for norske styrkar betre.
– Tryggleiken for personell er det aller viktigaste, seier forsvarsminister Strøm-Erichsen.
Klare innan 2010
Viss proposisjonen vert vedteke, skal det første flyet vere klart til levering i 2008. Det andre kjem i 2009 og dei to siste eitt år seinare. Trass i at C130J Hercules er eit militært fly, skal det ikkje berre bli brukt til militære operasjonar.
– Dei taktiske transportflya kan nyttast til sivil bistand, det vere seg evakueringar i samband med katastrofar og andre humanitære operasjonar, seier forsvarsministeren.
C130J Hercules vert i dag brukt av USA, Australia, Danmark, Storbritannia og Italia. Kostnadsramma for investeringa er på 3,66 milliardar kroner.
Det er førebels ikkje tatt stilling til kva dei gamle C130H-maskinane skal nyttast til viss forslaget vert vedteke.
|

|