Forsiden Aktuelt Presse Pekere Fakta Send spørsmål Nettstedskart Søk Kontakt
 
Forsvarsnett :

Innhold


Om Forsvarsnett
 



Frank Rosvoll, 2007-06-01


Regionfeltets "hjarte" i bruk

Det mest sentrale anlegget i Regionfelt Austlandet, Angrepsfelt sør, ble i dag overlevert frå Forsvarsbygg til Forsvaret. – Ein merkedag for Hæren, seier generalmajor Jon Lilland, sjef Hærens styrker.

Av Frank Rosvoll og Jon Anders Skau (foto), Forsvarets mediesenter

Foto: Jon Anders Skau, Forsvarets mediesenter
I BRUK: Einingar frå Telemark bataljon var først ute med å ta i bruk Angrepsfelt sør.

Angrepsfelt sør er ”hjartet” i Forsvarets nye skyte- og øvingsfelt i Østerdalen. Angrepsfeltet vil verte nytta av mekanisert infanteri, kavaleri, artilleri og ingeniøravdelingar, mellom anna i samvirkeøvingar. Anlegget blir av Forsvaret sett på som heilt vesentleg for å gje norske soldatar, inkludert Telemark bataljon, krevjande og realistiske øvingstilhøve.

Stor dag for Hæren
Generalmajor Jon Lilland sa seg særs nøgd med at Hæren no har tatt i bruk Angrepsfelt sør.
– Ein kan nå eit visst nivå utan bruk av skarp ammunisjon i trening. Men røyndomen og trua på eigen dugleik ein får ved å trene med skarp ammunisjon, gjev karane tryggleik i gjennomføring av skarpe operasjonar. Derfor er eg svært glad for at Hæren har teke i bruk Angrepsfelt sør, seier Lilland.

Opninga av Angrepsfelt sør skjer samstundes med at Forsvaret held fram med arbeidet med den fysiske tilbakeføringa av Hjerkinn skytefelt til sivile formål. Aktiviteten knytt til militær skyting og øving på Hjerkinn vert ytterlegare redusert etter kvart som stadig nye deler av Regionfelt Østlandet vert teke i bruk. Angrepsfelt sør er ein milepel i denne samanhangen.

Foto: Jon Anders Skau, Forsvarets mediesenter
EIT FRAMSTEG FOR HÆREN: Generalmajor Jon Lilland, sjef for Hærens styrkar, var viss på at Angrepsfelt sør vil vere eit viktig bidrag i hærstyrkane si utdanning.

Angrepsfelt sør
Feltet inneheld tre banar: stridsvognbane, stormbane og ein bane til bruk for panservernsoldatar (PV-bane). Som ein del av disse baneanleggene finnes vidare om lag 20 stridsvognløyper der både hjulgåande og beltegåande kjørety kan rykke fram og nedkjempe mål. Kvar av disse løypane er mellom to og fire kilometer lange. Det er etablert om lag 150 målområde for oppdukkande mål, samt 4 mobile målbanar. I tillegg er det etablert omlag 90 kilometer veg og løypar.

Den militære aktiviteten i Angrepsfelt sør vil først og fremst skje med stridsvogner som manøvrerer i traseane og gi eld mot de etablerte måla. Pansra ingeniør- og artilleriavdelingar vil støtte disse operasjonane. Områda sør i feltet vil fungere som oppmarsj- og framrykkingsområde kor finkalibra ammunisjon vil bli nytta.




 

Relaterte artikler
Ingen relaterte artikler.