
|
Offiser til Politidirektoratet
Forsvaret og Politidirektoratet har inngått ein toårig prøveordning med ein fast liaisonoffiser (forbindelsesoffiser) i direktoratet sin seksjon for politiberedskap og krisehandtering.
Av Frank Rosvoll og Jon Anders Skau (foto), Forsvarets mediesenter

| | PÅ LAG: Politimeister Oddbjørn Mjølhus og oberstløytnant Truls Gussgard i Seksjon for politiberedskap og krisehandtering i Politidirektoratet. |
Oberstløytnant Truls Gussgard er Forsvaret sin mann i Politidirektoratet. Målsetjinga er ytterlegare å effektivisere samarbeidet mellom politiet og Forsvaret og klargjere rollane dei to etatane har i felles operasjonar. Ordninga skal evaluerast etter to år. Da skal det bli tatt stilling til om den skal forlengast, eventuelt gjerast til ei fast ordning.
Ingen erstatning
Oberstløytnant Gussgard skal følgje tre rapporteringslinjer til Forsvaret. Forsvarsdepartementet (FD III) er kontaktpunkt for spørsmål om retningslinjer, i operative spørsmål er det Fellesoperativt hovudkvarter(FOHK) som er føresatt, og Forsvarsstaben har ein rein administrativ rolle.
– Ordninga skal ikkje på noko vis erstatte dei vanlege kommandolinjene, seier Truls Gussgard, som fyller stillinga som vart oppretta i april.
Sjølv har oberstløytnanten seksten års røynsle frå politiet etter å ha tenestegjort i Oslo politidistrikt. Gussgard vil også være Forsvarets liaison i Politidirektoratet sin stab ved større hendingar kor det kan bli spørsmål om bistand frå Forsvaret til politiet.

| | KJENNER POLITIET: Truls Gussgard har sjølv seksten års røynsle frå tenestegjering i Oslo politidistrikt. |
Vegen vidare
Gussgard ser på liaisonordninga som ein viktig funksjon som må utviklast vidare.
– Dette er ei nyoppretta stilling, og her må vegen bli til mens vi går, seier han.
Liaisonordninga kom i stand etter direkte kontakt mellom politidirektøren og forsvarssjefen. Det er ei sams forståing om at dette er eit godt tiltak for å få til eit enda betre samarbeid mellom politi og forsvar. Samarbeidet er i dag allereie godt, og man ynskjer å utvikle dette vidare.
Føremålet med initiativet er å utvikle øvingsverksemda, som i stor grad finn stad mellom politi og forsvar som sentrale aktørar.
Tettare kontakt med Forsvaret
– Vi har også mange andre felles oppgåver og utfordringar med tanke på beredskapsplanverket kor Forsvaret spelar ei stor rolle, både med tanke på egne oppgåver og innanfor utfordringar knytt til eit nytt trusselbilde, seier politimeister Oddbjørn Mjølhus ved seksjonen.
Gjennom heile prosessen med etablering av liaisonordninga har det også vært nær dialog og tett kontakt mellom Fellesoperativt hovedkvarter og Politidirektoratet. Dei to nasjonale ledda i Forsvaret og politiet er samde om at ordninga vil styrke samarbeidet både på operativt og taktisk nivå.
Mjølhus poengterer at Forsvaret har mykje kompetanse politiet kan hauste av.
– Både når det gjeld opplæring og øving kan vi lære av kvarandre. Vi kan også hauste av Forsvarets systematiske utvikling av nytt materiell, som også kan være relevant for politiet, seier han.
|

|