Forsiden Aktuelt Presse Pekere Fakta Send spørsmål Nettstedskart Søk Kontakt
 
Forsvarsnett :

Innhold


Om Forsvarsnett
 



Frank Rosvoll, 2007-06-18


Tok avskjed med Kystartilleriet

Under ei verdig markering på Oscarsborg festning i går tok Forsvaret avskjed med Kystartilleriet, som i praksis er nedlagt. Våpenet vart med det også formelt avvikla.

Av Frank Rosvoll, Forsvarets mediesenter

(Foto: kommandørkaptein Jan Ketil Steine, Sjøforsvarsstaben)
TAKKSAM: Generalinspektøren for Sjøforsvaret, Jan Eirik Finseth takka Kystartilleriet for tenesta ytt til Konge og Fedreland. (Foto: kommandørkaptein Jan Ketil Steine, Sjøforsvarsstaben)


Nærare 200 personar, dei fleste med tilknyting til Kystartilleriet, hadde funne vegen til Drøbaksundet. Ringen vart på ein måte slutta der. Generalinspektøren for Sjøforsvaret (GIS), kontreadmiral Jan Eirik Finseth, nytta høvet til å uttrykke takksemd for kva Kystartilleriet har hatt å seie for Noreg.

Lojalitet, korpsånd og kampvilje
- Kystartilleriet har stått for kvalitet og profesjonalitet. Lojaliteten var stor, og det var med stoltheit kystartilleristar langs den lange kyst tente Konge og Fedreland. Den særs sterke korpsånda vart eit av dei fremste kjenneteikna på Kystartilleriet, sa kontreadmiral Finseth.

GIS har sjølv tenestegjort på Oscarsborg. Han sa at det var viktig å markere det som var ei viktig våpengren, og kanskje det fremste invasjonsforsvaret Sjøforsvaret stilte med under den kalde krigen.

På 80-tallet hadde Kystartilleriet ein mobiliseringsstyrke på vel 20 000 mann. Under krigen var det Kystartilleriet og Oscarsborg festning som sytte for at korkje kongehuset eller dei utøvande styresmaktene vart tekne til fange, ved at dei senka det lederfartyet Blücher. Kanskje den mest avgjerande hendinga den 9. april 1940.

Arkivfoto: Sjøforsvaret
HØG BEREDSKAP: Kystartilleriet av kanskje Sjøforsvarets viktigaste bidrag til invasjonsforsvaret under den kalde krigen. (Arkivfoto: Sjøforsvaret)

I godt lag
Kystartilleriet vart skipa som eiga våpen 17. juni 1899, på dagen 108 år sidan markeringa på Oscarsborg. GIS sa at datoen for markeringa ikkje var heilt tilfeldig valt. Dei nærare 200 som deltok på markeringa i går fekk vere med på eit godt og variert program.

Mange av dei som var der kjende kvarandre frå mange års teneste i lag som kystartilleristar, og korpsånda synest og ha overlevd sjølve nedlegginga av våpenet. I eit mangfaldig program var særleg den historiske kavalkaden over våpenet imponerande. Norsk moderne historie spegla gjennom Kystartilleriet var ein fulltreffar av ei førelesing – nett som Kystartilleriet sjølv var det. Ein fulltreffar.

Slutten
I St.prp. nr 1 (2005-2006) foreslo regjeringa å avvikle langtidslagringa av dei stasjonære kystartilleriforta. Bakgrunnen var mellom anna at berre få offiserar hadde operativ kompetanse på artillerifort og undervassanlegg i Sjøforsvaret. I tillegg ville ei vidareføring av lagringa syte for driftskostnadar som ville råke høgare prioriterte framtidsretta investeringar. Ved handsaminga av Budsjettinnstillinga S.Nr. 7 (2005-2006) bestemde Stortinget å ta dei resterande anlegga ut av strukturen frå 1. januar 2006. Forsvarets avhendingsprosjekt er no i ferd med å syte for at dei gjenverande kystforta blir demontert og fysisk fjerna, med unnatak av Oscarsborg festning som reknast som kulturminne.




 

Relaterte artikler
Ingen relaterte artikler.