
|
Eit blikk inn i framtida
EVJEMOEN: – Felles opptak og seleksjon er eit veldig bra system. Ikkje berre vert aspirantane sin fysiske styrke testa – dei må òg kunne overvinne ubehag, seier forsvarssjef Sverre Diesen.
Av Thomas Gramstad, Leif Arild Westberg (foto) og Torstein Liene (foto), Fos infosenter

| | STORFINT: Aspirantane i felten fekk besøk av både forsvarsministeren, ordføreren i Evje og Hornnes kommune, Bjørn A. Ropstad (midten) og forsvarssjefen. |
Aspirantane i felten fekk storfint besøk onsdag føremiddag. Både forsvarssjef Sverre Diesen og forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichen hadde teke turen til Evjemoen for å helse på dei framtidige leiarane i Forsvaret. Og aspirantane skuffa ikkje.
– Ei nødvendigheit
Aspirantane er no halvvegs i meistringsøvinga på Evjemoen. Ute i felten løyser dei mange ulike praktiske oppgåver. Nokre krev mykje fysisk styrke, medan andre vert løyst med kreativitet og samarbeid. General Diesen meiner dette er ein fornuftig og trygg måte å drive seleksjon på.
– Eg har no vore på tre–fire stasjonar, og det er stort sett kjende moment for testing av aspirantane sin fysikk og kreativitet. Dette er eit opplegg som fungerar særs godt, seier forsvarssjefen.
Han trur ikkje øvinga presser gutane og jentene for hardt, og han kjenner seg trygg på tryggleiksapparatet som er til stades.
– Det heile er eit spørsmål om vilje. Det er nødvendig å halde ein viss intensitet under opptaket, men sjølvsagt så lenge det skjer på ein sikker måte, presiserer generalen.

| | CASER: Forsvarssjefen tok turen ut i felten og helsa på aspirantane. Her øver kandidatane til Forsvarets tekniske befalsskole på sanitet. |
Kjempar om dei beste
Det er ikkje berre aspirantane ute i felten som kjemper for noko. Forsvaret treng dei rette folka til dei retta stadene, og for å klare det må ein konkurrere.
– Vi skulle gjerne sett at søkjartala til opptaket hadde vore endå høgare. Det gjeld å vere der ungdomen er, og å kommunisere via kanalane dei nyttar. Forsvaret må verte meir innstilt på å konkurrere om dei beste, meiner general Diesen.
Forsvarssjefen og forsvarsministeren er samde om at skal ein finne dei beste, må ein nødvendigvis leite blant heile befolkninga. Statsråden er overtydd om at endå fleire jenter der ute hadde vore klare for eit befalsskuleopptak.
– Det er ikkje gode nok tal på jenter til felles opptak og seleksjon, og det er litt nedslåande. Tala kan nok verte høgare ved å marknadsføre det breie spektret av moglegheiter Forsvaret tilbyr, meiner Anne-Grete Strøm-Erichsen.
– Kome for å bli
No som opptaket til Befalsskolen for Sjøforsvaret er komet inn under felles opptak og seleksjon (Fos), er alle befalsskulane samla til eitt opptak. Det inneber også at aspirantane vert vurderte på same grunnlag. General Diesen etterlet ingen tvil om Fos sin rett til å leve.
– Opp gjennom åra har vi sett at det felles befalsskuleopptaket har virka etter hensikta. Fos er absolutt noko som er kome for å bli, forsikrar forsvarssjef Sverre Diesen.
|

|