Forsiden Aktuelt Presse Pekere Fakta Send spørsmål Nettstedskart Søk Kontakt
 
Forsvarsnett :

Innhold


Om Forsvarsnett
 



Frank Rosvoll, 2007-08-10


Travelt for 330-skvadronen

Sumaren er tradisjonelt ei travel tid for mannskapa i 330-skvadronen. 2007 har ikkje representert noko unnatak for skvadronen med redningshelikoptra.

Av Frank Rosvoll, Forsvarets mediesenter

Foto: Luftforsvaret
HEKTISK SUMAR: Oppdraga har omtrent stått i kø for mannskapa i 330-skvadronen. Foto: Luftforsvaret.

– Sumaren i år er kjenneteikna av ei uvanleg stor mengde oppdrag, seier oberstløytnant Rolf Folland, sjef for 330-skvadronen.

Arbeidsmengda hos mannskapa i skvadronens fem Sea King-helikopter er på sett og vis omvendt proporsjonalt med vanlege folk i ferietida.

Stor pågang
Når andre nordmenn tek sumarferie og utanlandske turistar vitjar Noreg, veit redningstenesta at det blir ekstra mykje å gjere for dei.

– Kort fortalt er det langt fleire som ferdast på fjellet og på sjøen. Det har stor påverknad på skvadronen sitt aktivitetsnivå. I år har vi hatt ekstremt mange oppdrag slik eg vurderer det, seier Rolf Folland.

Redningsoperasjonane i sumar
Eit utal av søkje- og redningsoperasjonar og ambulanseoppdrag knytt til båt- og bilulukker har verkeleg gjort sitt til ein travel sumar for mannskapa til Folland. Skvadronen har fem helikopter i beredskap – kvar med eit mannskap på seks mann.

Oppdrag frå 1. januar til 7. august:

SAR er search and rescue (søk og redning) og AMB er ambulanse.

Sola: SAR 128, AMB 81
Rygge: SAR 84, AMB 12
Bodø: SAR 43, AMB 122
Ørland: SAR 69, AMB 115
Banak: SAR 25, AMB 104

Oppdrag frå 1. juni til 7. august:

Sola: SAR 43, AMB 30
Rygge: SAR 36, AMB 8
Bodø: SAR 25, AMB 41
Ørland: SAR 29, AMB 48
Banak: SAR 12, AMB 45

330-skvadron
Luftforsvarets operatør av redningshelikoptre. Primæroppgåvene er å gjennomføre søk- og redningsoppdrag i tillegg til ambulanseoppdrag.

Skvadronleiinga er lokalisert på Sola flystasjon. Skvadronen har fire avdelingar plassert på følgjande basar: Banak, Bodø, Ørland og Sola. I tillegg finnes det eit detasjement på Rygge.

330-skvadronen sine oppgåver:
– redningsteneste
– ambulanseflyging
– katastrofehjelp
– spesialoperasjonar




 

Relaterte artikler
Ingen relaterte artikler.