
|
Førebur Sudan-oppdrag
Ei militær deployering til Sudan krev eit solid arbeid på førehand med omsyn til at landet samla sett blir vurdert som eit høgrisikoområde for helsetrugsmål.
Av Frank Rosvoll, Forsvarets mediesenter

| | UTFORDRANDE OMRÅDE: Sudan er eit utfordrande område for norske soldatar. Framande sjukdomar og krevjande klima gjer at Forsvarets sanitet allereie no gjer forundersøkingar i Darfur. Biletet visar ein sandstorm i Wau i delstaten Western Bahr al Ghazal, ein delstat sør for Sør-Darfur. Arkivfoto: Grethe Stensland, Forsvaret. |
Utan førebuande tiltak på avdelings- og enkeltmannsnivå vil gjennomføringa av militære oppdrag i Sudan verte vanskelege. Rekognoseringskontoret i Forsvarets sanitet sine innsatsstyrkar har for lengst starta arbeidet med å sjå på korleis ei utplassering av ein større styrke i Sudan kan skje utan at personellet vert eksponert for helsetrugsmål.
Sanitetsrekognoseringskontoret er ikkje bare rådgjevar for deployerande avdelingar, men også for dei som tek avgjersle på alle nivå i Forsvaret.
– Vi set alt inn på å vere i forkant, sjølv om det enno ikkje er gjeve noko klarsignal for ei utplassering av norske styrkar i Darfur-regionen, seier major Harald Wiik, veterinær og fungerande sjef for rekognoseringskontoret i Forsvarets sanitet.
Godt erfaringsgrunnlag
Wiik seier Forsvaret vil nyttiggjere seg røyndom samla opp hjå allierte styrkar og sivile organisasjonar som i lengre tid har operert i liknande område i Afrika.
– Svenskane har hatt styrkar i ulike afrikanske lan, og franskmenna har i ei årrekkje vore tilstades i Tchad. Det er klart at vi vil prøve å trekke vekslar på kva dei har erfart når det gjeld smittevern og førebygging av sjukdom blant personellet. Vi har og eit godt erfaringsgrunnlag frå Afghanistan, seier Wiik.
Han seier at personell frå Forsvarets sanitet ønskjer å reise til det aktuelle misjonsområdet for å kartleggje kva ein kan vente seg. Mellom anna vil ein syte for å ta ulike prøvar vil bli analysert i samarbeid med Forsvarets mikrobiologiske laboratorium. Forsvaret vil og samarbeide med Ullevål sjukehus som har landets fremste fagmiljø på tropiske sjukdommar.
– Vi har og tilgang til ein temmeleg omfattande database på 35–40 land med tanke på mogleg deployering eller øvingar. Der er det samla mykje dokumentasjon på helsetilhøve i landa. Om det blir slik at vi skal sende folk nedover, vil vi naturlegvis òg trekkje lærdom frå lokalbefolkninga i området. Deira kompetanse på korleis det er å bu der, skal ein slett ikkje kimse av, seier Wiik.
Viktig rådgjevar
Sjef for Forsvarets sanitet sine innsatsstyrkar, oberstløytnant Geir Gregersen, seier at det er mange tiltak som kan setjast inn for å avhjelpe dei utfordringane som er knytta til sjukdomsbiletet i Darfur-regionen.
– I ein leir er det ein føresetnad at det blir oppretta ei forpleiing som held høg standard. At dei einskilde soldatane sjølv bidreg til handheving av strenge hygienereglar, tek vi for gitt. Vi vil mellom anna gje råd om korleis løysingar for vann, kloakk og forlegning generelt kan gjerast, både på det personlege og avdelingsvise plan, slik at folk kan gjere sin jobb under trygge tilhøve, seier Gregersen.
Harald Wiik legg til at Forsvarets sanitet sjølvsagt ønskjer å ha både legar og veterinærar på permanent basis i misjonsområdet når ei utplassering av styrkar til Darfur-regionen finn stad.

| | KREVANDE GEOGRAFI: Dei norske soldatane vil møte eit landskap svært annleis enn det dei kjenner frå Noreg. Biletet viser byen Kadugli sentralt i Sudan, vest for Sør-Darfur. Arkivfoto: Fellesoperativt hovedkvarter. |
Forsvarets innsatsstyrke sanitet
Forsvarets sanitet sine innsatsstyrkar (Fist-San) er ein del av Forsvaret sine felles sanitetsstyrkar. Fist-San skal organisere bidrag til operasjonar og øvingar, i fred, krise og krig for alle forsvarsgreiner.
Organisasjonen er under utvikling og byggjer opp fleire einingar som skal yte støtte til førstehjelpsbehandling, evakuering. Dei skal og kunne etablere og drive feltsjukehus med mange medisinske funksjonar i eit operasjonsområde. Eininga skal være i stand til å handtere evakuering av pasientar til sivile sjukehus for endelig behandling (også i utlandet). Kapasiteten vil også kunne bli nytta i det sivile samfunnet i tilfelle nasjonale ulykker og/eller katastrofar.
Operasjonar
Fist-San skal også yte støtte til Forsvarets operative leiing og forsvarsgreinene i samband med planlegging og gjennomføring av øvingar og operasjonar. Dette inneber innsamling av sanitetsfaglig og medisinsk informasjon om operasjonsområde og om nødvendigheita av å gjennomføre sanitetsmessig rekognosering i forkant av operasjonar.
Rekruttering
Fist-San har ansvaret for rekruttering og oppsetting av medisinsk fagpersonell til forsvarsgreinenes avdelingar som opererer i utlandet. Dessutan er Fist-San også oppsettende eining for Forsvarets sanitetsstyrke som er ein felles sanitetsressurs for heile Forsvaret i tilfelle ein nasjonal krise eller mobilisering. Styrken vil bestå av kapasitetar som dekker heile spektret av militær operativ sanitetsteneste. I løpet av tida framover vil styrken være det organisatoriske utgangspunkt for ein vidare omorganisering av felles feltmessig sanitetsteneste for Forsvaret.
Fist-San består per i dag av:
- operasjons- og plankontor (med rekrutterings-/personellkontor)
- sanitetsrekognoseringseining
- luftambulanseining
- role 1-eining
- deployerbart feltsjukehus (kirurgisk eining)
|

|