
|
Førebur neste års tattoo
I helga tek planlegginga av Norsk Militær Tattoo (NMT) til for alvor, når det vert arrangert ein Bandmaster Conference i Oslo.
Av Frank Rosvoll, Forsvarets mediesenter

| | FØREBUINGANE TIL TATTOOEN I GJENGE: Til helgas planleggingskonferanse i Oslo kjem 40 deltakarar som representerer avdelingar frå store delar av Europa og Nord-Amerika. Arkivfoto:gardist Lars Oterhals |
Omlag 40 deltakarar frå dei deltakande avdelingane skal planleggje alt frå logistikk til arrangementstekniske moment.
- Vi er godt i gjenge, seier oberst Christer Johannesen, sjef NMT.
Til planleggingskonferansen kjem 40 deltakarar som representerer avdelingar frå store delar av Europa og Nord-Amerika. NMT blir av mange rangert som eit av dei beste framsynings-show i verda, og arrangementet er gitt høg prioritet hjå forsvarsleiinga. Når sjølve tattooen vert arrangert neste år vil om lag 800 deltakarar ta del i showet. Mange av dei vil bli forlagt i gardeleiren, nokre i Kolsås leir medan andre må ta inn på hotell.
- Vi skal finne praktiske løysingar på dei ulike utfordringane, slik vi også tidlegare har gjort. Eg er glad for at interessa kring NMT er stigande både hjå potensielle deltakande avdelingar og publikum. Vi planlegg for å syne eit show med høgt artistisk nivå og ein klar familieprofil, seier oberst Christer Johannesen.
Neste NMT vil venteleg gå av stabelen i veke 21 i 2008.
|

|