
|
Russiske gjestar til Haakonsvern
BERGEN: For første gong kjem ein russisk undervassbåt på offisiell vitjing til Haakonsvern. Yaroslavl legg til kai på måndag.
Av Marita Tonning og Ragnhild Thomsen Thornam, Sjøforsvaret

| | PÅ VITJING: Vitjingane mellom Russland og Noreg er viktige for samarbeidet mellom landa. Biletet visar undervassbåtane KNM Utstein og Magnitogorsk (som er i Kilo-klassa, same som Yaroslavl), under ei vitjing i Sevromorsk høsten 2006. Arkivfoto: KNM Utstein. |
Undervassbåten Yaroslavl vil vere på Haakonsvern orlogsstasjon frå 17. til 21. september. I tida 15. til 19. september kjem også ein russisk parlamentarikardelegasjon til Noreg, og vil mellom anna vitje Haakonsvern den 18.september.
Ifølgje programmet skal Yaroslavl passere inn i norske farvatn klokka 8.00 måndag 17. september. Deretter skal fartyet nå fram til Haakonsvern klokka 13.00.
Det er første gong at ein russisk undervassbåt i Kilo-klassen kjem til Haakonsvern. Tom Engeberg, teknisk offiser i Undervannsbåtvåpenet, fortel at dette kan vere med på å få til fleire vitjingar frå den russiske flåten.
– Noreg og Russland har ein samarbeidsavtale på politisk nivå. Der er ein del av planen at farty frå dei to landa kan vitje kvarandre sine basar for sosial og fagleg utveksling, seier Engeberg.
– Vi lærer meir om kvarandre, held han fram.
Verte kjende
Den siste tida har det vore fleire flåtevitjingar mellom Noreg og Russland. Seinast, i førre veke, var KNM Horten på vitjing i Severomorsk hjå den russiske nordflåten.
– Desse vitjingane gir oss ei mogelegheit til å verta kjende med besetningar og farty frå land utanfor Nato, fortel Tom Engeberg.
Parlamentarikardelegasjon
Neste veke kjem ein russisk parlamentarikardelegasjon til Haakonsvern. I spissen for delegasjonen er fyrste visepresident Liubov Sliska fra den russiske statsdumaen. Delegasjonsmedlemmene kjem frå statsdumaen sin komité for faste representantar til Nato si parlamentarikarforsamling.
Gjestane vil også ha samtalar med den norske utanriksministeren, forsvarsministeren og representantar frå Stortinget.
Offisiell visitt
Ifølgje programmet skal undervassbåten Yaroslavl komme inn i norske farvatn måndag morgon. Ut på dagen kjem ubåten fram til Haakonsvern.
Skipssjefen og nokre senioroffiserar vil då vitje ordføraren i Bergen, Herman Friele. Dei vil også vitje kommandør Åsmund Andersen som er sjef for Haakonsvern orlogsstasjon. Også sjefen for Kysteskadren, flaggkommandør Håkon Tronstad, vil bli få ein offisiell visitt. Vidare utover i opphaldet vil det bli omvisning på farty og på land i tillegg til ulike idrettsarrangement.
|

|