Av Ommund Liland, presse- og informasjonsavdelinga i Forsvarsstaben, og Marius Knutsen (foto), Forsvarets mediesenter.

|
| TEKNOLOGISK BLIKK: Sindre-radaren er Luftforsvarets nye auge i nord. Foto: Marius Knutsen, Forsvarets mediesenter |
For å koma opp til radarhovudet på Njunis må du køyre inn i ein tunnel som er 9500 meter lang. Framigjennom denne mila stig du nesten tusen høgdemeter. Sjølve radaren er plassert på fjellet Njunis som er 1720 meter over havet i Dividalen.
– Fjellanlegget under radaren har enorme dimensjonar. Det har fire plan som til saman er på 1800 kvadratmeter, seier major Yngve Kvalberg som er driftsansvarleg for radaren.
Radarprosjektet vart starta i 1989, men det har vore fleire stopp i prosessen, og kontrakten med leverandøren vart først signert i 1995. Den totale kostnaden på radaranlegget er på 760 millionar. Nato har betalt 580 av dei.
Radarnavnet Sindre kjem av silo, nedsenkbar, dekkbar radareining , det vil seia at radaren kan trekkjast ned i ein silo slik at den blir dekka og dermed skjerma. Dette lettar òg vedlikehald. Det tek om lag femten sekund å trekkja radaren ned i siloen.
Høgteknologisk og moderne
Prosjektleiar Jan Enger i Forsvarsbygg har jobba med prosjektet sidan 1994. Han fortel at dei tekniske løysingane er blitt utvikla av det italienske teknologiselskapet Selex.
– Radaren er den mest moderne radaren som overvakar Noreg sitt luftrom, seier Enger og legg til at radaren skal overvake det meste av luftrommet over Nord-Noreg.
Radaren på Nunjis er den siste av dei tre Sindre-radarane som er blitt levert til Forsvaret.
– Anlegget er heilt i toppen når det gjeld moderne teknologi, forklarar Enger. 
|
| HØGT TIL FJELLS: 1720 meter over havet i naturskjønne omgivnader står den nye radaren. Foto: Marius Knutsen |
– Betre overvaking
– Sindre-radaren betyr ein heilt anna og forbedra type overvaking av luftrommet enn det vi har hatt tidlegare, forklarar generalmajor Tor Arnt Sandli som er sjef for Natos luftoperasjonssenter på Reitan (CAOC).
Bileta av luftrommet som produserast av den nye radaren, vert handsama av CRC Sørreisa. Deretter sender dei bileta av luftrommet til Nato-hovudkvarteret på Reitan og Fellesoperativt hovudkvarter på Jåttå.