
|
Tøffe ungdommar i nord
SØR-VARANGER: Kvifor er det slik at ungdommar søkjer seg så langt nord og aust som det går an å koma i dette landet? Grensevakta Garnisonen i Sør-Varanger (GSV) er ein av dei avdelingane som er mest populær å søka seg til.
Av Ommund Liland, Forsvarsstaben presse og info, og Marius Knutsen (foto), Forsvarets mediesenter

| | MOTIVERTE: Dei er sjølvstendige og løyser eit oppdrag mest heilt på eigenhand, seier Dag Søberg. |
– Dei er sjølvstendige og løyser eit oppdrag mest heilt på eigenhand.
Dette fortel ein stolt og entusiastisk sjef for GSV, oberstløytnant Dag Søberg.
Motiverte soldatar
Oberstløytnanten fortel òg at dei som søkjer seg til GSV som regel har søkt seg opp dit på grunn av kompisar eller andre kjenningar som har anbefala staden for dei. Han seier òg at eit fleirtal av dei har interesser innanfor jakt, fiske og friluftsliv. Noko som det er utruleg gode føresetnadar for å halda på med i Sør-Varanger.
– Soldatane som skal ut på grensa opererer i lag på fire personar. Dei fire personane bur saman, lagar maten saman samt løyser eit skarpt oppdrag saman, fortel Søberg.
Søberg snakkar om mannskapa sine som ”svigermors draumar”. Dette fordi dei lagar sin eigen mat, dei er høflege og dei styrer sin eigen kvardag. Men for å kunna løysa slike oppdrag og koma seg ut på grensa er det seks harde månadar som soldatane må igjennom. Dette er psykisk og fysisk utfordrande for mange.

| | FRILUFTSLIV: Søberg seier at eit fleirtal av soldatane har interesser innanfor jakt, fiske og friluftsliv. Noko som det er utruleg gode føresetnadar for å halda på med i Sør-Varanger. |
Bruk for alle
Søberg fortel at dette er heilt vesentleg for soldatane slik dei kan løyse det skarpe oppdraget som dei vert sett til. Søberg går så langt at han samanliknar utdanninga soldatane i GSV får, som ein befalsskule der du har seksmånadar med trening og utdanning.
– Klimaet og temperaturen er den største utfordringa her oppe, temperaturen søkk veldig lågt og vinden gjer sitt. Men soldatane lærar å takla dette på ein god måte, fortel oberstløytnanten.
– Ikkje alle kan bli grensejeger, men me har bruk for dei andre stader i leiren for å få hjula til å gå rundt. Vi treng dyktige sjåførar som kan køyra ut nødvendig utstyr til grensestasjonane og vi trenger dyktige soldatar til alle oppgåver i leiren, seier Søberg.
Han fortel også at dei øvre mannskapa i leiren held ein like god kvalitet som grensejegerane.

| | HARD TJENESTE: Det er jo gøy å fortelje venner at du har gjennomført den hardaste fyrstegongstenesta i Noreg, seier Mathias Andresen. |
Har ikkje peiling
Den nye hovudtillitsvalte i leiren, Mathias Andresen, fortel at mange av dei han møter i sin kvardag ikkje har peiling om kva teneste dei går til. Han fortel også at medsoldatane søker seg opp til GSV fordi det er ein hard teneste samt det er spanande å koma seg langt vekk frå mor og far når dei først har sjansen.
– Det er jo gøy å fortelje venner at du har gjennomført den ”hardaste” fyrstegongstenesta i Noreg, seier Andresen.
Han fortel at folk er innstilte på å fullføra, og nokre har faktisk fått tilbodet til å bli befal men har takka nei. Dei har takka nei fordi det er ikkje befal dei vil bli, men grensejeger.
Andresen meiner òg at dei er heldige som får så mange godt motiverte soldatar, og at dei ikkje har problem med stort fråfall etter innrykka. Han har også møtt personar som har hatt tenesta sin der oppe, og sagt til han at dei godt kunne tenkt seg eit år til.
Grensevakta Garnisonen i Sør-Varanger (GSV) ligg i Sør-Varanger i den austre delen av Finnmark. GSV si oppgåve er å passa på den 196 km lange grensa mot Russland. Det er rundt rekna 550 soldatar som tenestegjer på GSV, der 180 av dei er plassert rundt på grensestasjonane for å passa på grensa. For å løysa oppdraga har GSV godt utstyr, dei har blant anna helikopter, snøscootere, sekshjulingar og elles topp utstyr for å løysa eit skarpt oppdrag i krevjande omgivnader.
|

|