
|
Antiterror-krigarar fekk påskjøning
ØRLAND: Etter 500 flytokt og seks månaders krig mot terror i Sentral-Asia er Luftforsvarets bidrag til operasjon Enduring Freedom heime igjen. Tisdag fekk soldatane påskjøning for innsatsen.
Av Olav Øye, Forsvarets mediesenter og Kjartan Waaseth (foto), Ørland hovedflystasjon
PÅSKJØNING: Forsvarssjef Sigurd Frisvold gratulerer deltakarane frå Manas med god innsats og gjer dei medalje.
Nær 140 nordmenn har deltatt i ein internasjonal F-16-styrke med Danmark og Nederland som samarbeidspartnarar, og dei siste mannskapa kom tilbake før påske. På Ørland fekk soldatane påskjøning for si innsats og vart tildelt medalje av forsvarssjefen.Basen for styrken var på Manas ved den kirgisiske hovudstaden Bisjkek. Siste operative overflyging skjedde 31. mars i år.
- Dette er meir avansert enn noko vi tidlegare har vore i nærleiken av, seier forsvarsminister Kristin Krohn Devold (H). I lag med forsvarssjefen og toppleiinga i Luftforsvaret var ho på Ørland hovedflystasjon i dag for å gjera stas på det norske krigsbidraget.
RETURNERT: Luftforsvarets F-16-bidrag til operasjon Enduring Freedom er kome heim og blir hylla av forsvarsleiinga. Arkivfoto: Lars Aamodt, CCT
Samarbeidet mellom spesialstyrkar på bakken og kampfly i lufta er statsråden spesielt godt nøgd med:
- Vi har fått testa samordningskapasiteten både mellom forskjellige fly og mellom fly og bakkemannskap, og vist at vi kan klare oppdrag både i lufta og på bakken.
Internasjonalt samarbeid
Krohn Devold legg ikkje fingrane imellom når ho skal dømme den norske innsatsen.
- Folka våre har gjort ein fantastisk jobb. Vi har fått berre positive tilbakemeldingar frå våre allierte, og vist at vi kan samarbeide internasjonalt.
Krohn Devold meiner òg operasjonen har betydd mykje for dei mindre landa i Nato.
- Til saman stilte samarbeidsstyrken frå Noreg, Danmark og Nederland med atten fly. Dette er vegen for Nato vidare, og vi har vist at små land kan bety ein skilnad. I tillegg er dette viktig for Ørlandet som arena for internasjonale øvingar. Det var viktig for samarbeidet at vi hadde trent med nederlendarane og danskane før vi reiste til Kirgisistan, seier statsråden.
PÅ ØRLAND: Forsvarsminister Kristin Krohn Devold skrytte av dei norske styrkane i Kirgisistan.
- Fantastisk, var skussmålet hennar.
- Kvantesprang
- Vi er særs godt nøgd med innsatsen. Vi har levert varene slik vi skulle, og vist høg fleksibilitet, seier forsvarssjef Sigurd Frisvold. Frisvold meiner Luftforsvaret har endra seg radikalt sia det førre internasjonale oppdrag under Kosovo-krigen våren 1999. Den gongen flaug norske fly berre rekognoseringstokt.
- Vi har gått gjennom eit kvantesprang sia Kosovo. Luft-til-bakke-kapasiteten, som vi ikkje hadde for fire år sia, er no på plass, ni månader før planlagt. Både den operative og tekniske sida har vore heilt topp. Det same gjeld samarbeidet med Danmark og Holland, som lovar godt for framtida, seier forsvarssjefen. Han er overtydd om at vi vil få liknande samarbeidsoppgåver seinare òg.
Sa nei
Ved tre høve sleppte norske pilotar bomber over Afghanistan, men Forsvaret vil ikkje gå ut med detaljopplysingar om dei "skarpe" oppdraga. Eitt av bombetokta skal ha vore sjølforsvar, etter at allierte styrkar vart angripne av fiendtlege styrkar. Noreg har ved visse høve nekta å gjennomføre tokt som gjekk imot Forsvarets retningsliner for stridshandlingar, utan at dette skal ha skapt irritasjon hjå våre allierte. Styrken Noreg var med i sto under amerikansk kommando.
- Nato er ein organisasjon med mange land, og dermed mange forskjellige sett med såkalla "rules of engagement" eller retningsliner i strid. Det herskar stor respekt for dei forskjellige lands reglar, og dette er ikkje noko problem, seier forsvarsministeren. Heller ikkje her vil ho gå spesifikt inn på konkrete høve. Ho understrekar at Forsvaret har eigne folk som arbeider spesielt med slike problemstillingar, og fortell at òg pilotane sjølve kan avgjera om dei vil gjennomføre oppdraga. I desse tilfella var det general Frisvold som sjølv tok avgjerda om å ikkje godkjenne oppdraga.
|

|