
|
Katastrofe-øving i stor skala
GARDERMOEN: Hercules-flyet har nett landa. Dei ”skadde” vert frakta vekk i sjukebil, og øvinga ”Samaritan Express” går mot slutten. Det skal vere fyrste gong ei katastrofeøving har gått føre seg i så stor skala i Norge.
Av Åge Andre Breivik og Erik Solbakken (foto), Forsvarets mediesenter
PÅ NORSK JORD: Dei femten skadde vert frakta ut or flyet på Gardermoen militære flyplass.
Med eit presseoppmøte på 40 journaliststudentar frå høgskulen i Volda, samt ymse innslag av skarp presse, kjem flyet med markørane frå Kosovo attende til norsk jord. Ei bussulukke har ført til at femten skadde norske soldatar må evakuerast frå sitt misjonsområde, og attende til sine pårørande i Noreg. Eit pårørandesenter og eit pressesenter er etablert i Gardermoen-området, og øvinga involverer hjelpepersonell heilt frå ulukka skjer i Kosovo til dei har kome til Gardermoen.
KOMMANDØR: Generalmajor Harald Sunde seier seg godt nøgd med den til no største redningsøvinga i det norske forsvaret.
Det er den største øvinga i denne type ulukke, sidan Forsvarets innsatsstyrke-Hær har teke over ansvaret for internasjonale tenester i det norske forsvaret. - Jeg vil skryte av særlig de som kommer utenfra, seier Generalmajor Harald Sunde, som er kommandør for landstridskreftene. Med det meiner han både dei som er markørar for den norske pressen, og dei som spelar dei pårørande på senteret på Sessvollmoen. PÅRØRANDE: Mange ”pårørande” hadde møtt fram då dei skadde returnerte frå Kosovo.
Kan bli årleg øving
Gjennom tre dagar har øvinga gått, samstundes i Noreg og Kosovo, og dette har gått veldig bra, meiner major Øystein Nybø, som har vore øvingsleiar. - Vi er veldig fornøyde, vi har fått øvd mange viktige elementer i planverket vårt. MEDIEDEKNING: Journaliststudentar frå høgskulen i Volda intervjuar dei militære ved Gardermoen militære flyplass under øving ”Samaritan Express”.
Det er fyrste gong ei katastrofeøving har gått føre seg i så stor skala i Noreg, men Nybø meiner at det å øve situasjonar som dette med både presse og pårørande har vore veldig positiv for Forsvaret, og håper å få ei øving i dette mønsteret gjennomført kvart år.
|

|