
|
Minnestund etter fallulukka
Laurdag vart det arrangert minnegudsteneste for den omkomne Andreas Lindin på garnisonen i Sør-Varanger. Det vart ei sterk oppleving for mange.
Av Åge Andre Breivik, Forsvarets mediesenter
Medan politiet framleis er midt i etterforskinga, har Forsvaret sett ned ein granskingskommisjon for å undersøkje ting rundt ulukka. Kommisjonen, som kom frå Fellesoperativt hovudkvarter torsdag kveld, held korta tett til brystet, men skal innan torsdag denne veka ha klar ein førebels rapport på kva dei meiner har skjedd.
Sterk oppleving
Minnegudstenesta laurdag var ei sterk oppleving for mange, der det berre var militært personell som var til stades. Presten som heldt gudstenesta hadde råda til at det ikkje vart teke bilete under seremonien, sidan det var nokre som tok det tyngre enn andre. Det var heller ikkje presse til stades under arrangementet. - Det var ei fin oppleving, og ei verdig ramme rundt seremonien, seier pressetalsmann, major Torbjørn Bjoraa ved garnisonen i Sør-Varanger (GSV).
Nytt øvingsområde
I fylgje fagpersonell har GSV kome sterkare attende etter helga. Det var tungt for dei fleste etter minnestunda laurdag, men i løpet av sundagen steig humøret att. Måndag morgon starta ein roleg å trappe opp att aktiviteten rundt øvinga som heldt på då ulukka skjedde. Ein er no i eit nytt øvingsområde, og vil under resten av tida ha fagpersonell som overvakar korleis folk taklar situasjonen, så ein ikkje trør over grenser.
Torsdag kjem den førebelse rapporten frå granskingskommisjonen, og kanskje vil ein då vite meir om korleis denne ulukka kunne skje.
|

|