
|
Fornya F-16 på veg
Forsvaret driv i desse dagar omfattande undersøkingar rundt dei nye oppgraderingane på F-16 flya sine. Oppdaterte våpenkapasitetar skal møte framtidas krigføring.
Av Åge Andre Breivik, Forsvarets mediesenter
VÅPEN: Nye våpemsystem blir no testa ut for F-16 flya til Forsvaret. Biletet er frå tokt over Afghanistan. Foto: NORDETMAN
M-3 oppdateringa, som skal vere ferdig innan utgangen av 2008, er den tredje store oppgraderinga sidan 1997, då Midlife Update vart utført. I samarbeid med Belgia, Danmark og Nederland, driv Noreg ei stadig utvikling av våpensystema om bord i flyet, og M3 er ei oppgradering som går både på programvaren som ligg i flyet, og på dei fysiske delane i flyet. Med dei mange endringane som skjer no, er det også naudsynt å trekkje nye kablar i flyet, og å oppdatere dei datakorta som ligg i F-16, seier oberstløytnant Stig Nilsson, som jobbar med prosjektet.
FØRBETRA: Hjelmen får no innebygd skjerm, der piloten kan sikte. Biletet synar ein norsk pilot over Afghanistan i 2002. Foto:NORDETMAN
Ei forbetring
Av endringane som skjer no, er det våpensystemet som er det viktigaste. Ein legg inn nye system som gjer at flya kan bruke GPS-styrte bomber og missiler, som er ei forbetring i høve til dei laserstyrte våpna som ein har hatt før. I tillegg får ein ei oppgradering av hjelmen som gjer at våpna blir avfyrte dit piloten ser, i motsetning til før, då ein måtte ha flyet peikande mot målet for å vite kva ein skaut på. No har ein moglegheit til å sikte og skyte i ein nitti grader vinkel ut til kvar side av flyet, så lenge ein ser på målet.
Operative i 2008
I dette oppgraderingsprosjektet er Noreg ansvarlege for testinga, og Luftforsvaret har mellom anna fem røynde flygarar som testar ut systema. I løpet av 2004 skal testane vere ferdig, og før utgangen av 2008 skal flya vere operative. Noreg, saman med dei tre samarbeidslanda, er dei ste landa som har denne versjonen av F-16, men allereie frå neste oppgradering av, vil også Portugal vere med på prosjektet.
Dette er tredje oppgraderinga som har kome sidan 1997, og med dette kjem dei vel tjue år gamle flya framtida si krigføring i møte.
Oppgraderingane i denne omgang er:
- Link 16 taktisk data-kommunikasjon
- Helmet Mounted Cuing System (HMCS), siktebilde som fungerer 180 grader i høgde og bredde
- Oppdatering av våpenkapasitetar, mellom anna innføring av GPS-styrte luft-til-bakke-våpen (bomber)
- Forskjellige mindre, men vesentlige oppdateringar som går på å legge til rette for enda betre driftstryggleik
|

|