Forsiden Aktuelt Presse Pekere Fakta Send spørsmål Nettstedskart Søk Kontakt
 
Forsvarsnett :

Innhold


Om Forsvarsnett
 



Åge Andre Breivik, 2003-11-05


Færre militære kvadratmeter

Omstillingsprosessen er i full gang, og i Forsvaret har ein bestemt seg for å kutte to millionar kvadratmeter innan utgangen av 2005.

Av Åge Andre Breivik, Forsvarets mediesenter


ENDRINGAR: Slik ser dagens situasjon ut(t.v.), sett opp i mot den situasjonen som ein ynskjer etter omstillinga (t.h.) GRAFIKK: Forsvarsbygg

På veg mot det ynskte målet er det mykje som må avklarast, seier leveranseleiar for eigedom, bygg og anlegg i program Argus, kommandør Hans Kristian Herland. Det er mange areal som vert brukt i fleire samanhengar, og dette fører til at ein ofte kan rekne potensialet for arealnedtrekk dobbelt opp.

Hjå Argus har ein laga seg ein plan med seks ”pakkar”, der ein har samla alt som skal gjerast før ein er nede på det arealet som er målsettinga.
- Desse pakkane er delmål som me har sett oss, men det er klart viktigare å nå totalmålet enn å nå kvart enkelt av desse måla, seier Herland.


LEIAR: Kommandør Hans Kristian Herland hjå program Argus er med på kuttprosessen i Forsvaret. Foto: Åge Andre Breivik, FMS

Mykje manglar
Dei to millionane kvadratmeter som er sett som sluttsum for det som skal kuttast, er ein netto sum. Det vil seie at alt av nybygg som kjem fram til 2005 gjer at tilsvarande mengder areal må fjernast på andre område. Effektiv utnytting av arealet er eit av dei store argumenta for denne omstillinga.
- I staden for å sjå berre på arealet i lagringsplassane våre, må me også prøve å tenkje volum, og lagre ting i høgda, legg Herland til. I tillegg kjem det til å verte samla meir enn det har vore dei siste åra i kontorbygg rundt om i landet. Avdelingane må lære seg å bruke områda dei har tilgjengelege meir effektivt, så kan ein heller kutte ut bygg og anlegg som vert til overs.

Det meste av leirar som skal leggjast ned er allereie bestemt, og det som no står att, er å ”flytte leirgjerdet” i dei leirane som framleis har overflødig plass. Rundt 1,2 millionar kvadratmeter er allereie bestemt utrangert, men stadig manglar det over åtte hundre tusen før ein er i mål. Og det er for det meste lagerlokale og områder som grensar til leirar som står for tur. I tillegg vil ein sjå på ein del festningsområder og liknande for å sjå kva som kan utrangerast av dette.

Følgjer med i MFU
Det arealet som står att etter kutta, skal vere samla mest mogleg i dei store militærkonsentrasjonane rundt i landet. Trøndelagsfylka og Indre Troms er mellom dei områda som det skal satsast vidare på, og enkeltståande bygg rundt om i landet skal så langt som mogleg kuttast heilt vekk.

Ein har i planen sett opp litt over den mengda på areal som skal kuttast, så ein skal ha litt å gå på. Dette er gjort hovudsakleg av di ein veit der vil vere område som ikkje kan takast ut av bruk. Noko av det som kan oppfattast som problematisk, er at det er mange som bruker den komande militærfaglege utredninga (MFU) som grunn for å ikkje kutte i bestemte områder. Men når MFU skal starte sitt arbeid for fullt, er dette innerekna dei to millionane kvadratmeter som Argus no skal fjerne.
- Men sjølvsagt følgjer me i Argus med i utviklinga i MFU for å unngå å gjere kraftige bommar, avsluttar Herland.




 

Relaterte artikler
Ingen relaterte artikler.