Forsiden Aktuelt Presse Pekere Fakta Send spørsmål Nettstedskart Søk Kontakt
 
Forsvarsnett :

Innhold


Om Forsvarsnett
 



Åge Andre Breivik, 2003-11-07


Klare til sentral drøfting

Regional Støttefunksjon (RSF) Romerike er godt nøgde med sitt forslag til korleis ein skal jobbe etter nyttår, når dei resterande RSF-ane vert realiserte. No ligg planane til handsaming sentralt.

Av Åge Andre Breivik (tekst og foto), Forsvarets mediesenter


GODT NØGDE: Oberstløytnant Leif Beck, og major Jan Liebraaten er godt nøgde med sin plan for RSF/Romerike.

Sidan oppdraget vart gjeve til Utdannings- og kompetansesenter for Hærens logistikkvåpen (LOGUKS) på Sessvollmoen i august 2002 har ein jobba med å utarbeide planen for korleis støttefunksjonane i regionen skal fungere. Hittil er det berre RSF i Oslo som er etablert, og hit har ein snudd seg for å sjå kva som har gått gale. Dei to hovudkrava som har vorte stilte til RSF-organiseringa er at ein må ha ei leiing som vises tydeleg, og at ein skal ha ein kundeportal som gjer at folk veit kvar dei skal gå for å få kontakt med organisasjonen.

Etablert kontaktpunkt
Ved Sessvollmoen, der leiinga for RSF/Romerike (RSF/R) held til, er det mykje aktivitet rundt kurs- og konferanseverksemd. Ein har etablert eit kontaktpunkt for heile denne verksemda, og dette har vorte godt motteke rundt om i Forsvaret. Ein har både sivile og militære kundar frå Forsvaret som nyttar seg av tilbodet. Når ein etablerte dette kontaktpunktet, var det naturleg å skape seg ein kundeportal, som den som står skissert i iverksettingsdirektivet som gjeld RSF. Om kundane skal ha plass å bu, klasserom for kurs, eller transport til og frå, så ringer ein det same kontaktpunktet.

Krav til regionane
RSF/Romerike er med andre ord allereie godt i gong. 31. oktober var fristen for å sende inn den endelege planen, og i veke 48, siste veke i november, skal greinstabane og ARGUS saman med dei tillitsvalde gå gjennom måla til alle RSF-regionane for å finne ut om dei oppfyller krava. Om det er godt nok, får dei vite etter dette. Men det fins ikkje noko alternativ til denne løysinga. Når me snur kalenderen til januar, skal alle støttefunksjonane i Forsvaret styrast gjennom RSF-løysinga. Altså har ein om lag tre veker på å endre på eventuelle feil som vert påpeika frå sentralt hald.

I forkant
Heilt sidan LOGUKS vart etablert på Sessvollmoen i august 2002 har støttefunksjonane vore drivne som ei RSF eining, og dette har ført til at ein ligg litt før andre regionar. Ein har drive støtte for mange i Romerike-regionen heile denne tida, og dette har imponert både kundar og besøkjande som har vore innom.

- Fem-seks andre regionar har vore innom for å få informasjon om vårt opplegg, seier prosjektleiar oberstløytnant Leif Beck.
- Me er veldig godt nøgde med planen vår, legg han til med eit smil om munnen.

Prioriteringar i LOGUKS har gjort at ein har hatt ei stabil gruppe som jobbar med å gjere RSF/Romerike klart for avspark, og medan andre regionar knapt var komne i gong då det vart pause i arbeidet i mai i år, fekk RSF/R fullført sine avtalar med kundane sine.

Kanskje er det grunna den tidlege starten på prosjektet at mange har vendt seg til Romerike for råd til korleis ein skal gjere dette så bra som mogleg. I desember vil ein få sjå resultatet, om ein får ordre om å iverksette planen, eller om endringar må til.





 

Relaterte artikler
Ingen relaterte artikler.