Forsiden Aktuelt Presse Pekere Fakta Send spørsmål Nettstedskart Søk Kontakt
 
Forsvarsnett :

Innhold


Om Forsvarsnett
 



Åge Andre Breivik, 2003-11-19


Austerriksk besøk i Noreg

Gjennom to dagar skal den austerrikske forsvarssjefen, general Roland Ertl, få sjå kva det norske forsvaret har å by på. Tirsdag stod Rygge flystasjon for tur.

Av Åge Andre Breivik og Magnus Iversen (foto), Forsvarets mediesenter

KOLLEGER: General Sigurd Frisvold (t.v.) og general Roland Ertl på omvising på Rygge flystasjon.

På to dagar skal det norske forsvaret, med general Sigurd Frisvold som vert, vise seg fram for den austerrikske forsvarssjefen og hans fylgje. Besøk på Rena og Rygge er mellom stoppa på visitten. Og Frisvold er veldig godt nøgd med besøket så langt.
- Det er morosamt å få vise fram utviklinga me har hatt her siste åra, seier Frisvold, som legg til at slike besøk er ei god moglegheit for ham til å få oppdatert seg på kva som skjer i avdelingane rundt om i landet.

Ikkje dei same ambisjonane
- Det er bra å få vist fram kva for nokre kapasitetar som fins i Luftforsvaret, seier forsvarssjef Frisvold, som synes det er bra at den austerrikske delegasjonen viser så mykje interesse som dei gjer. Forsvaret er satt på rett spor, og det er dermed eit moderne, avansert og framtidsretta luftforsvar Frisvold kan vise fram no.

Sidan Austerrike ikkje er medlem av Nato, har dei ikkje dei same krava til å oppfylle Nato-standarden som Noreg, men likevel er også deira forsvar under stor utvikling no. Den austerrikske forsvarssjefen, general Roland Ertl, er mest imponert over informasjonen som han har fått under besøket.
- Det er skilnad på dei to landa, men det blir vanskeleg å samanlikne, seier general Ertl, som legg til at Austerrike ikkje har heilt same ambisjonane som Noreg med sin utviklingsprosess.

Anna omfang
Grunna sitt medlemskap i EU freistar Austerrike no å halde seg innanfor dei standardane som Nato bruker for sine medlemsland, seier Ertl.
–Eg er veldig interessert i å sjå korleis Noreg har greidd utviklinga, men det er eit heilt annleis engasjement og omfang på omstillingsprosessen i det norske forsvaret, enn det som skjer i Austerrike.

Onsdag er det Rena leir som står for tur, for austerrikaren som på sin andre tur til Noreg kan konstatere at landet er etter hans smak.

BRIEF: Den austerrikske forsvarssjefen fekk informasjon om Luftforsvaret i Noreg under sitt besøk på Rygge.





 

Relaterte artikler
Ingen relaterte artikler.