Forsiden Aktuelt Presse Pekere Fakta Send spørsmål Nettstedskart Søk
 
Forsvarsnett :

Innhold


Forsvarsnett
Forsvarets mediesenter
Oslo mil/Akershus
0015 Oslo

 



Åge Andre Breivik, 2003-11-21


Betre tryggleik med ny eldleiing

Gjennom ein avtale med Vinghøg AS skal Forsvaret no gjere sine M-113 panservogner betre rusta for internasjonal teneste. Eit nytt eldleiingssystem vil mellom anna gje betre tryggleik i felt.

Av Åge Andre Breivik, Forsvarets mediesenter

NYBYGG: Slik skal altså dei modifiserte vognene sjå ut. Illustrasjon: FLO/I

Fram til 2007 skal dei 30 M-113 panservognene modifiserast å få eit integrert eldleiingssystem som kan få dei til å samarbeide med fly, artilleri og bombekastarar om å finne mål, og merke desse.

For 218 millionar kroner får altså det norske forsvaret nye kapasitetar inn i systemet, og det vert ei betring i stridsevna hjå Forsvaret.
- Me har starta ein prosess som gjer at Hæren sine observatør og eldleiarar får betra tryggleiken sin ute i felten, seier flaggkommandør Morten Jacobsen, som er sjef i Forsvarets logistikkorganisasjon/investering (FLO/I), og dermed i leiinga av prosjektet.

Prototyp for prosjektet skal vere klar mot slutten av 2004, medan dei siste systema skal leverast i 2007. FLO/I gjekk inn for det norske firmaet Vinghøg AS når avtalen skulle underskrivast, og det var i konkurranse med fleire store norske og internasjonale selskap, at dei kom ut med det beste tilbodet.

Flaggkommandør Morten Jacobsen, sjef FLO/I. Foto: FLO/I

- Det er hyggeleg å sjå at ei lita norsk industribedrift kan vise seg å vere konkurransedyktig mot store internasjonale konkurrentar, seier Jacobsen.

I tillegg til dei 30 systema som allereie er bestilte, har Forsvaret opsjon på ti system til. Panservognene skal etterkvart brukast både i nasjonale og internasjonale operasjonar.




 

Relaterte artikler
Ingen relaterte artikler.