
|
Kvinna, obersten og malaren
Oberst Britt Brestrup er vel kjend i Forsvaret med snart 25 år bak seg i uniform. Ikkje alle veit at ho i tillegg er ein habil kunstnar og jobber i eit atelier på fritida.
Av Åge Andre Breivik og Magnus Iversen (foto) Forsvarets mediesenter
EFFEKTIV: Oberst Britt Brestrup framfor nokre av sine bilete som heng oppe i atelieret på St. Hanshaugen.
På St. Hanshaugen har tre kvinnelege malarar heldt til i nokre år. Mellom desse er den kvinnelege obersten Britt Brestrup, som går mot si andre utstilling på kort tid neste helg.
Akrylmaling
For halvanna år sidan var dei tre malarane på akrylmalingskurs. Etter dette har dei drive ganske hardt med akrylmaling på lerretspapir, og på utstillinga dei hadde i slutten av oktober fekk dei tre selt i overkant av 100 bilete.
- Det er moro å sjå at folk liker det me gjer, seier Brestrup, som meiner det er bra for dei fleste å ha ein hobby utanom jobb. Og i hennar tilfelle kan ein vel seie at fritida vert ganske annleis enn arbeidstida.
- Ja, antrekket er ganske annleis, legg ho til med eit smil. Mange har eit inntrykk av kvinner i Forsvaret som maskuline, men det må gå an å endre på, meiner obersten. – Ein er eit rollebilete, anten ein vil det eller ikkje.
Reorganiserar tankane
Forsvaret er inne i ei periode med mykje reorganisering, og for oberst Brestrup er dette ein måte å reorganisere inne i hennar eige hovud. - Fleire kunne hatt godt av det i dagens samfunn, meiner ho, og legg til med eit smil, - det er vanskeleg å innrømme, men her kan eg faktisk lære litt av dei sivile også.
Etter litt over eit år med akrylmaling har ho no gått over til å prøve seg på krakeleringsmaling på gips. Ein teknikk som får gipsen til å sjå ut som den er mykje eldre enn den eigentleg er. Men oljemaling kan dei ikkje drive med. For det er ventilasjonen for dårleg, i atelieret dei leiger på St. Hanshaugen. Her held dei til på fritida, saman med lysdesignar Jarle Fotland, som har fått ein av sine lampar kåra til ”Årets belysning” i bladet Elle i 2003.
Bydels-utstilling
Neste helg er kunstnarane inviterte til å vere med på ei bydelsutstilling på St. Hanshaugen. Der vil kunsten deira vere utstilt frå 29. til 30. november. Håpet for kunstnarane er at dei skal få selt litt under denne utstillinga, som på den siste. Med prisar frå 250 til 450 kroner er det vel ingen som kan klage på at dei overprisar kunsten sin. Bydelen prøver å få i gong eit ungdomshus, og det er i samband med dette at obersten skal stille ut neste helg.
GUACAMOLE: Glad i mat, og med fargar av Avocado, sa navnet seg sjølv.
Maler stridsvogn
I sin jobb ved Forsvarets høgskule har ho høyrt mykje om at ein må prøve å gje Forsvaret ein god omtale i samfunnet elles, og med sine utstillingar kan ein vel trygt seie at ho gjer sitt for dette. Med maleri som ”Stridsvogn i solnedgang” er ho vel eit godt eksempel på at norske offiserar ikkje berre er trauste gamle menn.
Etter snart 25 år i Forsvaret er ho etter kvart blitt ein driven kunstnar.
- Det er klart du føler deg litt avkledd når du viser maleria dine, fantasiane dine, men det er fantastisk gøy når folk liker det du gjer, avsluttar Brestrup i sitt atelier.
|

|