Forsiden Aktuelt Presse Pekere Fakta Send spørsmål Nettstedskart Søk Kontakt
 
Forsvarsnett :

Innhold


Om Forsvarsnett
 



Frank Rosvoll, 2003-11-27


Skal trygge biologisk mangfald

I samband med militær verksemd, til dømes utplassering til internasjonale oppdrag, skal Forsvaret iverksette tiltak for å hindre ei uønska spreiing av framande arter av til dømes bakteriar.

Av Frank Rosvoll, Forsvarets mediesenter


BLINDPASSASJERAR: Dei er ikkje lette å sjå, bakteriar eller små kryp som kan vere med norske soldater til eller frå utlandet. Foto: Thom Knustad, FOHK

Spreiing av framande arter reknast som ei av dei største trugsmåla mot biologisk mangfald. På same tid er den internasjonale ståa med tanke på smittsame dyre- og plantesjukdommar stadig skiftande og uoversiktlig.

Forsvarleg handsaming
Forsvaret må derfor unngå mogleg spreiiing av uønska smitte og framande arter, og syte for ei samla og forsvarleg handsaming av alt militært materiell og personell som kjem til eller føres ut frå Noreg. Dette er bakgrunnen for det nye direktivet for inn- og utførsel av militært materiell og personell, som nyleg er godkjend.
- Det er Forsvaret operasjonskonsept som er endra, med auka frekvens av deployering utanlands, som har gitt auka fare for spreiing av smittsame dyresjukdommer og framande arter, seier major Per Arnt Olsen ved Fellesoperativt hovudkvarter (FOHK).

Vil bli sjekka av veterinærar
Bakgrunnen for direktivet er å motverke at norsk eller utanlandsk militært materiell eller personell verkar som smittebærar for plante- og dyresjukdommer. Det skal også hindre spreiing av framande arter som kan true biologisk mangfald. Målsetinga er å gje samla og detaljerte prosedyrar for kontroll, reingjering og eventuell desinfeksjon. Direktivet gjev også retningslinjar for mottak og handsaming av avfall som avdelingene tar med seg til norsk territorium. Direktivet gjeld, uavhengig av kor lenge opphaldet er, for:

  • Alle nasjonale einingar (personell/materiell)som har tatt del i operasjoner i utlandet inkludert øvingar.

  • Alle utanlandske einingar som kjem til Noreg.

  • Einingar som skal deployere til utlandet.

  • Materiell som sendes utanom deployering / redeployering.


  • Til dømes skal alt personleg utstyr, militært og sivilt, som skotøy, uniformer og sivilt tøy reingjerast før heimsending, eller uten opphald reingjerast ved ankomst til Noreg.
    Militær veterinær skal godkjenne reingjering og eventuell desinfeksjon før vidare transport.
    - Krava i direktivet er absolutte. Fra nå av vil kvar enkelt ha eit ansvar for å følgje reglane som er gitt. Direktivet blir gitt som operasjonsordre til den enkelte operasjon, der det også blir gitt rom for enkelte lokale tilpasninger, seier major Per Arnt Olsen ved FOHK.




     

    Relaterte artikler



    I front med miljøkartlegging 2003-12-03