
|
Ny milepel i fregattprosjektet
Torsdag underteikna generalinspektørane for Sjøforsvaret og Luftforsvaret gjennomføringsdirektivet om å teste og evaluere Forsvarets nye fregattar. Årsaka er at det vert helikopter om bord.
Av Frank Rosvoll og Per Arne Juvang (foto), Forsvarets mediesenter
ETTER UNDERTEIKNINGA: Frå venstre: Kontreadmiral Jan Eirik Finseth (GIS) kommandørkaptein Hallvard Flesland (sjef KNM Nansen) og generalmajor Tomas C. Archer (GIL).
- Eit felles løft som klart indikerer tettare samarbeid mellom forsvarsgreinene i framtida, seier kommandørkatein Hallvard Flesland, sjef for den første fregatten av Nansenklassen.
Flesland og Forsvaret heiser kommandoflagget for den første fregatten oktober 2005. Dei nye fartyga er ikkje mindre enn tre gangar større enn fregattane av Oslo-klassen. 133 meter lang og 5300 tonn stor vil dei heilt klart ruve, både på sjøen og i Forsvaret for øvrig. Det totale prosjektet, som også inkluderer helikoptra om bord på fartyga, har ei kostnadsrame på om lag 20 milliarder kroner. Det er meir enn Lillehammer-OL og Gardermoen til samans. NY FREGATT: Slik skal den første fregatten KNM Fridtjof Nansen med helikopter sjå ut. Illustrasjon: Sjøforsvaret
Skal leie Natos atlanterhavsstyrke
Det var ein stolt og glad koordinator for planarbeidet som vitna at direktivet om kontraktuell testing, integrering av helikopter og operativ evaluering blei underteikna.
- Vi har jobba med å klargjere direktivet i to år, så dette er ein stor dag for oss som tek del i prosjektet og for idriftsetting av fregattstrukturen, seier kommandørkaptein Flesland.
Sjølv blir han den første skipssjefen som får høve til å føre KNM Fridtjof Nansen. Nå har han og medarbeidarane fått ramane for testing og evaluering av fartya, som skal gjerast i perioden 2005-08. Da vil dei få svar på korleis fregattane som kampsystem er i stand til å handsame deployering for skarpe oppdrag. Målsetinga er at Noreg skal stille med fregatten KNM Roald Amundsen som kommandofarty for Natos ståande styrke i Atlanterhavet fra og med april 2008.
24 offiserer på plass
Samstundes som fartya bygges, arbeider kommandørkaptein Flesland og hans organisasjon på KNM Horten med å skipe første besetning til fregattane. Så langt har dei 24 offiserer på plass. Utfordringa vidare blir å auke antall personar som skal arbeide i overflateflotiljens nye farty.
- Vi ynskjer oss engasjerte og motiverte folk med teknisk og operativ bakgrunn, og forvaltningsbakgrunn som har lyst til å ta del i ei spanande framtid i Sjøforsvaret. Vi har allereie rekruttert personell med teknisk bakgrunn frå Hæren. Sjølv om bakgrunn frå Sjøforsvaret sjølvsagt er ei føremon, vil befal og verva personell med relevant bakgrunn frå Luftforsvaret også kunne søkje stillingar utanom helikopteravdelinga på Nansenklassen, avslutter kommandørkaptein Hallvard Flesland.
|

|