
|
Endringar i tryggleiksbestemmingar
Frå 1. januar trer den nyreviderte utgåva av "tryggleiksbestemmingane for Hæren" i kraft. Dette er den største revisjonen siste åtte åra, seier major Ola Steinhaug, prosjektoffiser for revisjonen.
Av Åge Andre Breivik, Forsvarets mediesenter
TRYGGING: I revisjonen finn ein mellom anna endringar i reglane rundt våpen og ammunisjon. Foto: Bent Egil Roalkvam, 6. divisjon
Tryggleiksbestemmingane vert reviderte annakvart år, og denne gongen har det skjedd med større kraft enn på lenge.
- Me har gått veldig djupt denne gongen, og ein kan no finne endringar i alle kapittel, og i dei fleste vedlegga, seier Steinhaug. Arbeidet med den utgåva som kjem no er ikkje eit resultat av debatten som har gått om tryggleiken i Forsvaret siste tida, men enkelte av detaljane er endra grunna enkeltepisodar. Understreking av detaljar, på korleis ting skal gjerast, og vektlegging på å sleppe misforståingar er ein viktig del av revideringa.
Viktig å få med seg
Små endringar i bestemmingane kjem etter kvart, men dersom det er større ting som vert endra kjem dette som oppdateringar i den elektroniske utgåva som til ei kvar tid ligg ute på nettet. Bestemmingane varer i to år i gongen, og det seier seg sjølv at mykje kan skje på den tida. Utskifting i materiell og endringar i organisasjonen fører til at rutinar også må endrast, og dermed må ein kunne oppdatere for å gje folk kjennskap til reglane dei må fylje.
Steinhaug ynskjer ikkje å drage fram særskilde delar av bestemmingane no, sidan det kan fjerne fokus frå andre saker.
- Det viktigaste er at alle set seg inn i tryggleiksbestemmingane for det dei skal drive med, og der er alle endringar like viktige, avsluttar Steinhaug.
- Tryggleiksbestemmingane for Hæren (UD 2-1) gjeld for all utdanning i fred, og er tilpassa for prøving av ammunisjon og våpen, samt utdanning i krigstid.
- Bestemmingane i UD 2-1 gjeld framfor eventuelle bestemmingar i våpenreglementet, beteningsinstruksar og liknande.
- Generalinspektøren for Hæren fastset reglementet for bruk.
- Generalinspektørane for Sjøforsvaret, Luftforsvaret og Heimevernet (HV) har godkjent UD 2-1 til bruk i respektive forsvarsgreiner og HV.
- Bestemmingane i UD 2-1 kjem i tillegg til forsvarsgreinene og HV sine eigne bestemmingar og instruksar.
- UD 2-1 vert oppdatert med jamne mellomrom, og gjeld for to år av gangen.
|

|