Forsiden Aktuelt Presse Pekere Fakta Send spørsmål Nettstedskart Søk Kontakt
 
Forsvarsnett :

Innhold


Om Forsvarsnett
 



Frank Rosvoll, 2003-12-05


Siste pep-talk før MFU-dagen

Forsvarssjef Sigurd Frisvold hadde sitt halvårlege møte med leiarane for driftseiningane i Forsvaret. Møtet var ikkje berre ei orientering, men også ein ”pep-talk” før MFU-innstillinga blir gitt til forsvarsministeren på måndag.

Av Frank Rosvoll, Forsvarets mediesenter


FOKUS PÅ OMSTILLING: Erik Hernes gjer greie for omstillinga i Forsvarets logistikkorganisasjon mens møtelyden lyttar med stor merksemd.

Møtelyden var samla i idrettshallen på Gardermoen flystasjon. Stikkord for møtet var ikkje overraskande omstilling og Forsvarssjefens militærfagleg utgreiing (MFU). Forsvarssjef Frisvol nytta igjen høvet til å gjere rede for kvifor Forsvaret må endrast.

Gjev nye moglegheiter
- Målsettinga er at vi skal ende opp med ein betre og auka operativ kapasitet. MFU gjer at vi greier å nytte større resursar på vår operativa kapasitet, og i mindre grad på støtteverksemd. Forsvaret må verte relevant, gripbart og deployerbart skal vi kunne meistre dei krava ei ny tid møtar oss med, seier generalen som leier Forsvaret gjennom si største omlegging på fleire tiår.
Frisvold legg ikkje skjul på at omstillinga vil få verknader som ikkje berre blir enkel å rå med for både tilsette og eksiterande einingar i Forsvaret, men meiner det er viktig å ikkje gløyme at omstillinga vil gje nye moglegheiter.
- Forsvaret vil slett ikkje by på færre moglegheiter for dei som ynskjer ei spanande karriere og utfodringar i vår etat, slår generalen fast.

2004 i omstillingas teikn
2004 blir nok eit år i omstillingas teikn kom det fram på møtet. Om lag 1700 tilsette vil bli identifisert overtallige i Forsvaret, og skal ein kome i mål med nedtrekket, må i hvert fall eit hundre personer tre ut av rekkene kvar månad.
- 100 i månaden er meir eit statistisk uttrykk. Fyst skal vi identifisere kva for verksemder som kan samordnast eller samlokaliserast. Deretter vil vi måtte ta stilling til kor mange og kva for personell som blir overtallig i dei ulike einingane. Det som er sikkert er at Forsvaret skal utgjerast av 5330 årsverk i løpet av 1. august 2004. Det vi allereie veit er at Forsvarets logistikkorganisasjon (FLO) skal gjennomføre eit nedtrekk på 1300 tilsette, seier Erik Hernes, sjef FLO.

- God heilskapspakke
Generalinspektøren for Heimevernet (HV), generalmajor Bernt Brovold er godt nøgd med tilhøva i si våpengrein. Han seier at HV også er budd på å endrast, slik at også den delen av Forsvaret møter framtida i ei endra form.
- Med kvalitetsreformen har HV fått det eg vil kalle ei god heilskapspakke. Det stemmer og med tilbakemeldingane eg får frå HV-leiarane for øvrig. Med kvalitetsreformen får vi auka kompetanse på personellet, betre trening og betre utstyr. Eg synes kvalitetsreformen er balansert, og vi treng den om HV skal moderniserast og forbli relevant, seier generalinspektøren for HV, Bernt Brovold.




 

Relaterte artikler
Ingen relaterte artikler.