
|
Forsvarets framtid i politiske hender
- Eg veit at dere har lagt ned et godt stykke arbeid med innstillinga, og vi er sikkert samd om det meste, sa forsvarsminister Kristin Krohn Devold, da ho mottok Forsvarssjefens militærfaglege utgreiing frå Frisvold måndag.
Av Frank Rosvoll og Torbjørn Kjosvold (foto), Forsvarets mediesenter
LEVERT: Forsvarssjef, general Sigurd Frisvold, leverar si miltærfaglege utgreiing til forsvarsminister Kristin Krohn Devold. I bakgrunnen, brigader Barthold Hals, leiar for den militærfaglege utgreiinga.
Klokka 10.30 måndag 8. desember kom general Sigurd Frisvold med følge for å overrekke statsråd Krohn Devold det mykje omtala dokumentet vi etter kvart kjenner under namnet Forsvarssjefens militærfaglege utgreiing. Det var ein opplagt forsvarsminister som rosa Frisvold og Forsvaret for eit solid stykke arbeid. Ikkje overraskande ville ikkje statsråden byrje å kommentere innstillinga. Ho sa imidlertid at ho nok ville vere samd i det meste av innhaldet. Forsvarssjef Frisvold kalte MFU-innstillinga ein vidareutvikling av moderniseringsprosessen Forsvaret er inn i.
Ved overrekkinga sa han følgjande:
- Eg er spesielt nøgd med dreininga av årsverk fra ikkje-operativ til operativ verksemd. Elles er det å seie at vi har lagt oss på det lågaste budsjettnivået, og at vi søkjer å byggje eit moderne og framtidsretta Forsvar. Det kan samanfattas i tre ord; relevant, gripbart og deployerbart, sa generalen.
Deretter hasta hoveupersonane til henhaldsvis regjeringsmøte og pressekonferanse. I juni neste år kjem truleg Stortinget til å fatte eit fireårs-vedtak for korleis den vidare omstillinga av Forsvaret skal bli. Da får vi også sjå kor mykje politikarane har valt å følgje av tilråingane i den militærfaglege innstillinga.
NB! Peikarar til MFU-innstillinga ligg til høgre på sida; Det nye Forsvaret (kortversjon) og Forsvarssjefens militærfaglege utgreiing 2003 (full versjon).
|

|