Forsiden Aktuelt Presse Pekere Fakta Send spørsmål Nettstedskart Søk Kontakt
 
Forsvarsnett :

Innhold


Om Forsvarsnett
 



Frank Rosvoll, 2003-12-16


Luftig år for 338-skvadronen

Tysdag 9. desember passerte Ørland hovedflystasjon måltalet for produksjon av flytimar i 2003. Då hadde 338-skvadronen sine F-16 jagerfly til saman 4000 timar i lufta.

Av Frank Rosvoll, Forsvarets mediesenter


UTAN FLO/LUFT DUGER HELTEN... Takka vere innsatsen frå dei om lag 120 i FLO/Luft Ørlandet som jobbar direkte mot F-16 greide ein å nå måltalet på 4000 flytimar. (foto: Henning Rørvik, Bodø hovedflystasjon

I tillegg bidrog trøndarane med om lag halvparten av 1500 flytimar i afghansk luftrom knytta til operasjon ”Enduring Freedom” i årets fyste kvartal. Oberstløytnat Torkel Bakken, leiar for FLO/Luft Ørland, er taksam ovarfor alle som har ytt sitt til å nå måltalet. Han gjer merksemd på at det ikkje er berre dei som jobbar direkte på flya som har gjort flytimeproduksjonen mogleg, men heile logistikk-apparatet rundt som har bidratt med mellom anna klede, redningsutstyr, våpen, biltransport, bakkeutstyr, vedlikehald og så bortetter.

Afghanistan i tillegg
Det hadde ikkje vært mogleg å nå målet utan duglege medarbeidarar med riktig kompetanse. På tysdag fekk alle i FLO-einingane på stasjonen servert blautkake som påskjønning.
Måltalet for flytimar blir kvart år fastsett av generalinspektøren for Luftforsvaret, og det er ikkje ein reint lite så stolt oberstløytnant som rosar medarbeidarane for innsatsen så langt i år.

- Eg tykkjer det vi har gjort så langt i år viser dugleiken og stå-på-viljen som rår hos personalet i FLO/Luft. Måltalet i år var ei ganske stor utfordring. Ikkje berre har vi levert det antal flytimar vi skulle produsere. Einingar frå FLO/Luft har, i samarabeid med dei frå Bodø gjort det mogleg at norske fly produserte 1500 flytimar ut frå Manas-basen. I tillegg har vi levert både personell og materiell for deltaking i Nato Air Meet som gjekk føre seg i Polen, fortell oberstløytnant Bakken.

Flid og dugleik
FLO-leiaren på Ørlandet seier at det ikkje alltid er like enkelt å regulere for aktiviteten innanfor vanleg arbeidstid. Folka i FLO/Luft har til tider hatt tøffe krav til innsats og fleksibilitet. Torkel Bakken legg til at det gode samarbeidet mellom teknisk og operativ på hovedflystasjonen er ein føresetnad for å nå dei fastsette måla. I komande år vil måltalet for flytimar venteleg kome på 4600.

- Nok ei stor utfordring for oss, ikkje minst med tanke på at også FLO/Luft er omfatta av omlegginga i Forsvaret. Det som kjenneteikner folka her er at dei har fokus på hovedoppdraget – å få flya i lufta, seier oberstløytnanten, som lar det skine gjennom at dei nok skal greie det som ventast av dei også i 2004.
Flyginga med dei 15-16 F-16 flya i 338 skvadronen tek slutt fredag 12. desember. Det vil seie den planlagde aktiviteten. Tida fram til neste år skal nyttast til ferieavvikling og vedlikehald på flyparken.




 

Relaterte artikler
Ingen relaterte artikler.