Forsiden Aktuelt Presse Pekere Fakta Send spørsmål Nettstedskart Søk Kontakt
 
Forsvarsnett :

Innhold


Om Forsvarsnett
 



Frank Rosvoll, 2003-12-23


Jula langt heimefrå

Forsvaret har mykje personell i fjerne himmelstrok, og saknet etter det kjære og kjende der heime er kanskje ekstra stort i jula. Jul blir det allikevel om norske soldatar er på Balkan, i Irak eller i Afghanistan.

Av Frank Rosvoll og Jahn Rønne, Forsvarets mediesenter


JULESTEMNING: I leiren i Lebane i Kosova kom julegrana på plass fyste søndag i advent.

- I dag, lille julaften, fekk me julegåvene frå Noreg, fortel presseoffiser Geir Løvhaug frå Kabul.
- Difor er det god stemning her. Vi har skaffa juletre og vi får servert norsk julemat med ribbe, pinnekjøt og ribbe.
- Dei soldatane som ikkje er i leiren, vil og få sin julemat og sine gåver, forsikrar løytnant Løvhaug.
På sjølve julaften vert det julegløgg og gudsteneste før middag. Nordmenn frå ambassaden og anna norsk personell i Kabul er invitert til middag.
Torsdag, 1. juledag, er det felles nordisk gudsteneste i den finske kontingenten.

Noko fri i Irak
Major Torger Gillebo er leiar for det norske ingeniørkompaniet som held til i nedre Sør-Irak. Han seier til Forsvarsnett at karane nok vil kome i den riktige stemninga når julematen kjem på bordet. Ribbe og pinnekjøt har allereie kome ned til dei, flybåren frå Noreg. Soldatane har fått fri halve julaften og 1. juledag.

Teiknefilm og ribbe
På julaften blir det tradisjonell feiring så langt råd er. Fyst på dagen blir det servering av graut og framsyning av teiknefilmar slik mange er vand med. Seinare på dagen samlast karane til gudsteneste for å høyre julebodskapet, før ein fylkast ved borda for å nyte ribbe og pinnekjøt. Deretter blir det felles opning av julegavar. Juletre har ingeniørsoldatane kjøpt inn frå Kuwait, fortell major Gillebo. Snø blir det nok mindre å sjå til.
- Det er noko over 20 grader på dagtid, så julematen kjem vi til å ete utomhus. Kanskje i telta våre. Mi røynsle tilseier at julestemninga kjem samstundes med at maten kjem på borda, sier majoren.
Gillebo fortell at dei ikkje har noko planar for jelefeiring 1. juledag.

Fekk snø til jul
I Kosovo er tilbodet knytta til julefeiringa noko større enn i Irak. Der tende dei juletreet allereie fyste søndag i advent. Sidan har det vore konsert med puddelrockarane i ”Stage Dolls”. Komikaren Johan Golden vil også gjere sitt til at smilet ikkje stivnar hos soldatane i den norske utrykkingstyrken.
Feltpresten, major Arve Løvenholdt, fortel at dei i tillegg til den operative verksemda har stelt i stand ulike hygge-aktivitetar

Blir nesten bortskjemd
- Her er det ein særs positiv vilje til å gjere det kjekt for seg sjølv og dei ein har rundt seg. Eg er ikkje redd for at vi ikkje skal få det triveleg i jula, seier feltpresten, som skal forrette heile fire julegudstenester.
- Vi har både pinnekjøt, ribbe og lutefisk på bordet. Kokkane gjer ein så fantastisk innsats at vi , fortel Løvenholdt.
Beredskapen hos dei norske styrkane på Balkan blir ikkje redusert sjølv om det er jul, men feltpresten seier at dei faste briefane til dels blir kutta på julaften.




 

Relaterte artikler
Ingen relaterte artikler.