Forsiden Aktuelt Presse Pekere Fakta Send spørsmål Nettstedskart Søk Kontakt
 
Forsvarsnett :

Innhold


Om Forsvarsnett
Forsvarets mediesenter
Oslo mil/Akershus
0015 Oslo

Redaktør
Ann Kristin Salbuvik
 



Frank Rosvoll, 2004-02-06


HV-sjefen vil ha relevant heimevern

- Eg er overtydd om at Heimevernet vil forvitre om vi ikkje får gjennomført kvalitetsreformen. Som fagmilitær må eg kunne stå inne for at dei tenester vi skal yte samfunnet er relevante, seier generalmajor Bernt Brovold.

Av Frank Rosvoll og Torgeir Haugaard (foto), Forsvarets mediesenter


FRONTAR OMSTILLING: Kvalitetsreformen er avgjerande for at HV si relevans i framtida, slår generalmajor Brovold fast.

Det er ein jovial, men fast leiar for dei 83 000 HV-soldatane i Noreg som tek i mot oss på kontoret sitt på Akershus festning. Trøndaren har leia HV i eit halvt år. Han har vore offensiv frå fyste stund, og signala om at Heimevernet måtte endrast kom tidleg. HV, bygd på røynslene kring den sviktande mobiliseringa i aprildagane 1940, har fått stå forholdsvis urørt sidan opprettinga i 1946. Brovold meiner at HV står foran eit vegskille, og vil ha ein mindre og meir dynamisk organisasjon. Slagordet ”Overalt – alltid” må oppdaterast seier trøndaren.
- ”På rett stad i tide” er kanskje ein betre rettesnor for framtidas HV, fastslår Brovold.

Kvessing, ikkje kvesting
Generalmajoren ynskjer seg eit HV som består av 50 000 soldatar, leia frå 12 distriktsstabar. Det tyder eit HV med seks distrikt og 33 000 mann færre samalikna med dagens oppsetting, men ikkje eit HV som forsvinn frå lokalsamfunna.
- Vi kjem til å halde fram med å vere tilstades i alle kommuner og ha ein desentralisert struktur. Vår evne til snøgt å vere tilgjengeleg og yte støtte til det sivile samfunnet forsvinn ikkje med dei endringane vi tek sikte på å gjennomføre, seier Brovold.
Endringane er langt i frå ei kvesting av HV, men heller ei kvessing. Ved å skjere ned ned på antall distriktsstabar og minske HV med 33 000 mann vil ein få ein betydeleg økonomisk vinst ifølgje generalmajor Brovold. Dei attverande ressursane skal nyttast på ein styrke på 50 000 mann leia fra 12 forsterka distriktsstabar. Ein vil få større ressursar til drift av kjerneverksemda, og den einskilde soldat skal få betre utdanning, trening og utstyr.
- Eit HV på rett stad til riktig tid, og med riktig kapasitet og kvalitet. Vi må sikre at vi halder fram med å vere eit relevant verkty for samfunnstryggleik i fred, krise, konflikt og krig. Det er det eg vil, seier generalmajor Brovold.


FORTSATT DESENTRALISERT: Brovold seier til Forsvarsnett at HV fortsatt vil bli å finne over heile landet.

Frå statisk til mobil
Det er det endra risikobilete som har leia til at dei opprinnelege oppgåvene for HV ikkje åleine tyder på kva for slags struktur HV skal ha, forklarer Brovold. Dei nye oppgåvene knyt seg til trygging av geografisk spesifikke objekt og verksemder, som fell naturleg inn under organisasjonen sitt formål og operative moglegheiter i heile landet. I tillegg kjem at HV må vere i stand til å forsterke annan militær tilstedevering i utsatte område, og ivareta andre slag særskilde oppdrag.

Vil ikkje binde ressursar
Det kan dreie seg om oppgåver som styrka grensevakt, sikring av mottak av nasjonale og allierte einingar, bidrag til verging av olje- og gassverksemd, samt trygging- og eskorteteneste for militære, politiske og administrative leiarar. Med eit breiare trugsmålbilete vil behovet for trygging av ei rekke objekt vere situasjonsbetinga. Difor meiner Brovold at det ikkje vil vere hensiktsmessig å binde opp store ressursar til faste spesifikk oppdrag.
- Det vil til dømes vere betre å ta i bruk sensorar og sambandssmateriell og bruke 30-40 mann til å trygge eit objekt, enn å sette av ein ti gonger så stor styrke til samme formål slik vi gjer i dag. Vi må bli meir mobile og mindre stasjonære. Kvalitetsreformen vil gje eit HV med auka mobilitet, som vil arbeide på tvers av distriksgrensane, sier Brovold.

Eit relevant HV
”Nye HV” vil også få betre føresetnader enn i dag for å yte støtte ved naturkatastrofar, søk og redningsaksjonar av di mannskapa vil vere betre trena, ha betre samabandsutstyr og betre transportmoglegheiter. Brovold frykter fylgja av ikkje å gjennomføre kvalitetsreforma.
- Dersom dei som ynskjer eit HV fyllt opp med fleire tusen vi ikkje treng får vilja si, eit HV der strukturen er låst fast i same antall distriktsstabar som før, da får vi eit heimevern kor kvaliteten og evna til å løyse oppgåvene vil bli forringa. Sjølvsagt har eg respekt for folk sine kjensler kring eigne arbeidsplassar. Likefullt har eg også eit moralsk ansvar for at dei HV-soldatane som er inne til øvingar skal ha ei teneste med meining og innhald - at det vi gjer er relevant for forsvaret av landet, sluttar Bernt Brovold, generalinspektør i Heimevernet.




 

Relaterte artikler
Ingen relaterte artikler.