Forsiden Aktuelt Presse Pekere Fakta Send spørsmål Nettstedskart Søk Kontakt
 
Forsvarsnett :

Innhold


Om Forsvarsnett
Forsvarets mediesenter
Oslo mil/Akershus
0015 Oslo

Redaktør
Seniorrådgiver Endre Hjelseth
 



Frank Rosvoll, 2004-02-17


Garden prøvde ny refs-praksis

På bakrunn av røynslene med stille refs i Garden, ynskjer kompanisjefen å ha høve til å formidle refs til einskilde soldatar under kompanioppstillinga. Gardistanes hovudtillitsmann meiner det blir å straffe to gonger.

Av Frank Rosvoll og Per Arne Juvang (foto), Forsvarets mediesenter


VALFRIDOM: Som kompanisjef ynskjer Per Krogdahl høvet til å kungjere refsar under kompanioppstillingar.

Truleg har dei fleste som har vore inn til fystegongsteneste sett nokon motta ein utmålt refs under kompanioppstilling. Der har dei som har brote retningslinane for militært personell fått lest opp kva dei har gjort seg skyldig i, - kva for regler dei har brote, - og kva slags straff dei har fått. Alt medan kameratane i kompaniet ser på. Slik har det vore i alle år, heilt fram til no.

Lest opp på kontoret
I ein ni månader lang prøveperiode har eit kompani i Garden nytta ei ordning med stille refs. Det vil seie at soldatar fekk overbrakt og lest opp refsar på kompanisjefens kontor i nærvær av kompanisjef, tillitsvald og eit anna befal. Resten av kompaniet fekk vite om refsane under oppstillingane, men då uten å få vite kven dette gjaldt. Røynslene Garden sitt 2. kompani sitt igjen med tydar på at talet på refsar ikkje auka totalt. Kompanisjefen meiner likevel at ordninga med kun stille refs ikkje var fullgod.
- Nei, eg ynskjer å kunne å ha høvet til å melde frå om refsar til den enkelte soldaten framfor resten av kompaniet, seier kaptein Per Krogdahl, sjef for 2. kompani i Garden.

- Minska preventiv verknad
Krogdahl meiner at den ålmente preventive verknaden ofte går tapt, utan høvet til å tildele den einskilde refs på kompanioppstillinga. Han meiner røynslene frå prøveperioden synte at det fekk negative konsekvensar.
- I siste kvartal av perioden fekk vi ei oppblomstring av refsar, ulikt kva det bruker å vere til vanleg. Eg trur at dette skjedde av di karane i kompaniet ofte ikkje fekk med seg at det faktisk vart gitt refs, sjølv om dette blei meddelt under oppstillingane, seier han.

Kompanisjefen fortel også at den meir anonyme måten å tildele refs på også førte til ryktar blant soldatane. Krogdahl meiner det kan skuldast at det vart mindre opent omkring kven som fekk tildelt refselsar.

- Eg synest at det er meir realt at ein mottek tildelinga av refs offentleg, at medsoldatane får sjå at ting får konsekvensar, og at ein på eit vis blir ferdig med ting der og da. Det er viktig å vere tydeleg og klargjere kvifor vi gjer som vi gjer, også når det gjeld bruk av refsar. Det er ikkje noko å gøyme bort. Eg meiner og at folk må kunne stå til rette for ting dei gjer, også andsynes kameratane, seier kapteinen.
Kompanisjefen si slutning etter prøveordninga er at stille refs er eit godt alternativ, men at ein ikkje må låsast til å kunne nytte berre denne ordninga.


PRØVEORDNING: 2. Gardekompani nytta ordning med stille refs. Talet på refsar vart omlag det same som tidlegare.

- Eg føler at ein må ha høve til å vurdere ut frå situasjonen kva slags måte tildeling av refs skal formidlast på. Å låse dette til berre ein framgangsmåte tar frå meg valfridom som leiar, seier Krogdahl.

- Ein tilleggsstraff
Eirik Thommessen er hovudtillitsvald for samtlege gardesoldatar. Han ynskjer ikkje at Garden skal halde fram med å nytte ordninga med offentleg tildeling av refsar.
- Mi oppfatting er at refsar er noko som berre vedkjem den einskilde som blir refsa og kompanisjefen, ikkje nokon andre. Når ein refs blir tildelt i nærvær av medsoldatane fungerer det som ei tilleggsstraff. Det er ikkje rettvist å skulle bli straffa for noko to gonger. Difor meiner eg at tildeling av refs framfor kompaniet ikkje skal finne stad, uansett kven og kva vedkommande har gjort seg skuldig i, seier Thommessen.

Hovudtillititsmannen er heller ikkje stemd for ei ordning kor kompanisjefen oftare tek ei vurdering om korleis ein refs skal formidlast, kor det blir sett på om ein bør ta særskilde hensyn knytta til person og omstende.
- Nei, dette opnar berre for ulik handsaming av folk. I avdelinga eg kjenner, som er Garden, har eg inntrykk av at befalet held ein viss avstand til soldatane. Eg kjenner meg ikkje trygg på kor godt befalet sitt kjennskap til dei einskilde soldatane er. Ved å nytte berre ei ordning, og då ordninga med stille refs, slepp ein ulik formidling av refs som kan botne i trynefaktor eller liknande, seier han.

Gardistanes hovudtillitsvalde seier til Forsvarsnett at ordninga med tildelinga av refs under kompanioppstilling er ei kulturell greie som heng igjen i Forsvaret, og at den rimar lite med moderne handsaming av medarbeidarar.




 

Relaterte artikler
Ingen relaterte artikler.