Forsiden Aktuelt Presse Pekere Fakta Send spørsmål Nettstedskart Søk Kontakt
 
Forsvarsnett :

Innhold


Om Forsvarsnett
 



Karl Hans Braut, 2004-02-19


Frå statisk til mobil grensevakt

KIRKENES: -Me har vorte meir mobile, og fått meir utstyr etter at Schengen-avtalen tredde i kraft, seier kompanisjef Methi i grensekompaniet på garnisonen i Sør-Varanger.

Av Åge Andre Breivik og Per Arne Juvang (foto), Forsvarets mediesenter


NØGDE: -Dei fleste som er inne hjå oss er nøgde med tenesten sin, seier kaptein Methi, som fortel ivrig om grensevakta på garnisonen i Sør-Varanger.

Kaptein Terje Andreas Methi er sjef for grensekompaniet, som er eit av dei tre kompania på garnisonen i Sør-Varanger (GSV). Han har altså ansvaret for vakthaldet mot den 196 kilometer lange norsk-russiske grensa.

Utan mønster
Etter at Schengen-avtalen trådde i kraft i 2001 har grensa mot Russland vorte ei ytre grense for dette området, og dermed har Noreg fått ein del ansvar som ikkje var der frå før. Med dette har også grensevakta lagt om frå å vere heilt statisk til å vere mobilt. Patruljering langs grensa skal skje utan mønster, men foregå kontinuerleg.

-Eg liker Hæren sitt mål med å verte den beste i verda, seier Methi, som legg til at det ikkje er sikkert ein når dette målet. Men ambisjonane er der, og det gjer at dette er ei morosam tid å vere militær.

Schengen-avtalen har også ført til at samhandlinga med sivilt politi har vorte veldig bra. Også tidlegare hadde ein bra samarbeid, men no har det utvikla seg vidare. Kvart år har ein 14 øvingar der både GSV og politiet er med.

Byter kvart halvår
Kvart år er det to kompani som har ansvaret for grensevakta, og kvart halvår byter ein mellom desse. Når dei vernepliktige kjem inn i januar og juli har dei seks månadar med grunntrening,

jegertrening og spesialisering før dei er klare til å gå frå grensekompaniet si utdanningsavdeling, til grensekompaniet.

MOROSAM: -Ambisjonane er der, og det gjer jobben morosam.

-Når soldatane kjem til oss i grensekompaniet, er dei om lag komne til 80 prosent av den kapasiteten me vil ha, legg Methi til, før han seier at det er ei kort overgangsperiode då kompania skiftar der det kan verte hektisk med opplæring.

Sidan Schengen-avtalen var ferdig har om lag 20 nye bygg vorte oppført langs grensa. Dette er mellom anna bygg som har vore planlagde sidan før avtalen var ferdig handsama, men bunken med prioriteringar har vorte snudd litt for GSV sin del etter avtalen var i boks.

-Me opplever at soldatane våre er veldig nøgde med tenesten sin, og alle som er på grensevakta er her frivilleg, avsluttar Methi.




 

Relaterte artikler
Ingen relaterte artikler.