Forsiden Aktuelt Presse Pekere Fakta Send spørsmål Nettstedskart Søk Kontakt
 
Forsvarsnett :

Innhold


Om Forsvarsnett
 



Frank Rosvoll, 2004-02-26


Sveitsarar flyg i Trøndelag

Om lag 60 mann frå det sveitsiske luftforsvaret sin panterskvadron er på Ørland hovudflystasjon. - Eit unikt høve til å jobbe usjenert og konsentrert, seier skvadronsjef Aldo Wicki.

Av Frank Rosvoll, Forsvarets mediesenter


NØGD MAJOR: Skvadronsjef Aldo Wicki rosar treningsfasilitetane i Trøndelag. Der har dei treningsforhold dei berre kan drøyme om i Sveits. (foto: sjt. Marianne Øiahals, Ørland hovudflystasjon)

Heilt sidan 1998 har sveitsarane hatt ein årleg treningsperiode på Ørland i tidsrommet februar – mars. Det er samarbeidet gjennom Partnerskap for fred som har resultert i at sveitsarane har fått høvet til å dra nytte av treningsfasilitetane det norske forsvaret kan tilby. Stikkordet er ikkje minst plass. Det tek dryge 15 minutt for eit jagarfly å krysse Sveits. I tillegg er landet tettbefolka, noko som legg ytterlegare avgrensingar på treningshøva for sveitsiske jagarflygarar.

Eit hav av rom
Når flygarane i panterskvadronen lettar frå Fosenhalvøya har dei bokstavleg talt eit hav av rom å boltre seg i, noko sveitsarane veit å nytte seg av.
- Det er tolv "take off" kvar dag, fordelt på fire fly tre gonger dagleg. Vi startar klokka 15.30 på ettermiddagen slik at dei siste flya landar kort før midnatt. Den fyrste puljen er i samarbeid med stasjonen sine eigne F16 fly, mens dei to siste er berre med våre eigne F18. Dei som jobbar ute på plattformene høyrer kanskje meir til oss enn folk på Ørland, seier major Wicki.

Unike treningshøve
Den fyrste puljen med 17 sveitsiske pilotar kom til Fosenhalvøya 5. februar, før dei blei avløyste av ein like stor pulje etter fjorten dagar. Det siste partiet flygarar tek avskjed med flystasjonen 5. mars. Onsdag fekk skvadronen og Ørland hovudflystasjon gjesting av fem sveitsiske generalar. Dei fekk truleg høyre at sveitsarane på Ørland har funne seg godt til rette.
- Fyrst og fremst er opphaldet her eit unikt høve til å jobbe usjenert og konsentrert. Her er det ingen tvil om kva dagane skal fyllast med. Det er ein periode med tøff trening i skiftande ver. Sjølvsagt innanfor grensa av det som er sikkert. Vi bur bra og får god forpleining her så det er ingenting å utsetje på forholda, seier sjef for panterskvadronen, major Aldo Wicki.


STÅLGRÅ HIMMEL: Sveitsarane har høve til å boltre seg i stort rom i skiftande ver. Her står imidlertid nokre av panterskvadronens F18-fly på bakken. (foto: sjt. Marianne Øiahals, Ørland hovudflystasjon)

Informasjonsrådgivar ved Ørland hovudflystasjon Karin Lervik Stai seier til Forsvarsnett at det er ei glede å ha sveitsarane som gjester.
- Om sveitsarane er det å seie at dei er høflege, korrekte og greie å ha å gjere med. Det er svært hyggjeleg å ha dei hos oss på flystasjonen, seier ho.




 

Relaterte artikler
Ingen relaterte artikler.