
|
Hunde-saka blir undersøkt
Ein eigen undersøkingskommisjon i Forsvaret skal no undersøkje det som kom fram i den sterkt medieomtalte ”skrytevideoen”, kor norske Kfor-soldatar skyt hundar på irregulært vis.
Av Frank Rosvoll, Forsvarets mediesenter
TEK SAKA ALVORLEG: Landkommandør Harald Sunde seier til Forsvarsnett at ein undersøkingskommisjon skal klarlegje dei faktisk forholda knytta til den såkalla "skrytevideoen" frå Kosovo. (Foto: Are Rannem Johansen, FOHK.)
Landkommandør Harald Sunde ved Fellesoperativt hovudkvarter (FOHK) seier at kommisjonen skal klarleggje faktiske - og klanderverdige forhold, før dei eventuelt tek stilling til kva for følgjer dette får.
- Saka har høg prioritet, og vi håper på ein rask prosess. Dette vil bli handtert i ein open prosess, og skal ikkje vere noka heksejakt. Eg understrekar at dei norske styrkane i Kosovo har gjort og gjer ein framifrå jobb, seier generalmajor Sunde.
- Smaklaus skildring
Undersøkingskommisjonen vil bestå av offiserar med sakskjennskap og erfaring frå internasjonale operasjonar, ein representant frå politiet, og ein tillitsvald frå Telemark bataljon. Landkommandøren er klar på at dei redigerte amatøropptaka, med eit lydbilete av rockemusikk, framstår som ei særskild flåsete og smaklaus skildring av korleis hundar blir skotne utover gjeldande reglar. Ille er det også at den sterk medieomtalte videoen kan ha ytt til å ramme omdømet til dei norske Kfor-soldatane i sin helhet. Forsvaret tek derfor saka særs alvorleg og vil kome til botn i kva som har skjett.
Hundar i tusental
I 2000 blei det gjort eit overslag som viste at det fanst omkring 200 000 laushundar i heile Kosovo, derav 90 000 i det norske ansvarsområdet. Dei danna reine flokkar, som gjekk inn i landsbyar og hus på leiting etter mat. Sjukdomsplaga og ofte agressive utgjorde dei ein reell trussel for lokalsamfunna, som ikkje hadde eigna midlar til sjølv å avlive hundane. I ei konkret hending skal eit ni år gammalt barn ha blitt drepen og delvis ete av laushundar, opplyser landkommandøren.
På oppfordring frå sivile styresmakter iverksatte dei norske Kfor-styrkane ei kontrollert avliving av herrelause hundar. I blant blei dei norske styrkane også kontakta av sivilistar for å få hjelp til å avlive eigne hundar, hundar som kunne vere bundne.
Slutt på avliving
Soldatane som skulle utføre avliving av hundar var personell med jaktprøve. Det blei brukt haglgevær og sjølve avlivinga blei utførd i tråd med normene i dyrevernlova. Dette blei søkt gjort på ein mest mogeleg human måte. Dei norske Kfor-styrkane avslutta verksemda med kontrollert avliving av laushundar i fjor. Avlivingar som skjer i dag hender i samband med nødverjesituasjonar, eller når påtrufne dyr blir skadd i trafikkulukker.
|

|