Forsiden Aktuelt Presse Pekere Fakta Send spørsmål Nettstedskart Søk Kontakt
 
Forsvarsnett :

Innhold


Om Forsvarsnett
Forsvarets mediesenter
Oslo mil/Akershus
0015 Oslo

Redaktør
Seniorrådgiver Endre Hjelseth
 



Åge Andre Breivik, 2004-03-01


Kjemper for pensjonspoeng

KIRKENES: Landsstyret i tillitsmannsordninga var i slutten av førre veka samla i Kirkenes. Av sakene som gjekk lettast gjennom, var forslaget om pensjonspoeng for fyrstegongstenesta.

Av Åge Andre Breivik og Per Arne Juvang (foto), Forsvarets mediesenter


SPENT FORSAMLING: Alle områdetillitsvelde i Tillitsmannsordninga var samla til landsstyremøte i Kirkenes førre veka.

Dersom ordninga til pensjonskommisjonen går gjennom, vil det ikkje lenger vere slik at det vert rekna pensjon ut i frå dei 20 beste åra i arbeidslivet, men av 40 år. Dermed vil det vere om å gjere å komme seg ut i arbeidslivet så fort som råd er.

-Men utrekninga av pensjonspoeng kan ikkje skje i høve til tenestetillegget, då dette ikkje ville gje mykje, seier Stian Jenssen, som er landstillitsvalt. Han legg til at sidan både landsstyret i Tillitsmannsordninga (TMO) og administrasjonen godkjende saka, vert den no sendt vidare til Forsvarsdepartementet (FD), som skal handsame den vidare.

Økonomien kan gjere ting vanskeleg
Landsstyret rekna ikkje med motstand mot saka då dei hadde møte, av di dette er noko som er viktig for dei vernepliktige. Når ordninga vert endra vil det utgjere ein enno større skilnad for dei vernepliktige, i og med at dei kjem eit år etter dei fleste andre i sitt kull. Ein reknar heller ikkje med stor motstand mot dette i FD når saka kjem opp der.
-Det økonomiske aspektet her er sjølvsagt avgjerande, seier Jenssen, som trur det kan verte vanskeleg å gjennomføre eit prosjekt som er så dyrt.


USIKRE: Landsstyret var ikkje samde om kva som kunne definerast som tenestetid. Grenader Stian Jenssen til høgre, matros Jan Peter Haugen til venstre.

Ei sak som derimot var vanskelegare å få gjennomslag for, var i kva grad vernepliktige er forsikra medan dei er i teneste. Problemet som har vore tidlegare er at det har vore vanskeleg å definere kva som er tenestetid, og kva som ikkje er det.

Sak for juristar
Grunna uklarheitar i reglane vart saka utsett til neste møte. Tidlegare har det nemleg vore problem at folk som vert skadde i velferdsarrangement og i samband med Vaksenopplæringa har hatt problem med å få erstatning. Og dette vil TMO ha ei ordning for.

-Dette er ei sak for juristane våre, seier Jenssen, som meiner at det enno er for mykje uklart rundt detaljane i saka til at han kan uttale seg om kva som vil skje. Så blir det altså berre å vente til neste landsstyremøte for å sjå korleis denne saka endar opp.





 

Relaterte artikler
Ingen relaterte artikler.