
|
Nytt magasin lansert
I slutten av januar kom fyrste nummer, og no er andre på marknaden. Sjøforsvaret sitt nye blad, ”I Marinen” skal vere med på å gjere Forsvaret til ein meir attraktiv arbeidsplass.
Av Åge Andre Breivik, Forsvarets mediesenter
NUMMER 2: I Marinen er den nye satsinga til Sjøforsvaret. Blad nummer to er no i gjeve ut. Foto: Åge Andre Breivik, Forsvarets mediesenter
Bladet er eit heilt nytt produkt, eit blad som dekkjer alt om Sjøforsvaret. I hovudsak er bladet for intern informasjon, men også eksterne brukarar kan nyte godt av magasinet som skal kome ut ein gong i månaden.
Problem med å finne folk
-Me ville at namnet skulle ha ei historisk tilknyting, seier orlogskaptein Pia Width, som er kommunikasjons- og medieoffiser i Sjøforsvarsstaben. Ho legg til at dette bladet skal verte sendt ut til alle som er tilsette i Sjøforsvaret, men at ikkje alle har fått det.
Orlogskaptein Pia Width er kommunikasjons- og medieoffiser i Sjøforsvarsstaben. Foto:: Åge Andre Breivik, Forsvarets mediesenter
-Det har seg nemleg slik at bladet vert sendt ut til dei adressene som folk står registrerte med i Folkeregisteret, seier Width. Ho vil be alle som har ynskje om å få bladet tek kontakt med redaksjonen for å få ordna på dette.
Ikkje for tungt
Folk i dei andre forsvarsgreinene og også sivile kan ta kontakt dersom dei ynskjer å få dette bladet heim i postkassa. Førebels har bladet eit opplag på 10000, men dette talet kan kome til å stige.
Bladet skal etter planen vere både interessant, tidsriktig og utdannande. Men det er viktig for utgjevarane å få balanse mellom desse tre.
-Det skal ikkje vere for tungt, seier Width, som legg vekt på at det skal gå an for folk som er utanfor Forsvaret også å lese bladet.
Spør Generalinspektøren
Ein skal gjennom magasinet prøve å gje innføringar i tema som er viktige for Sjøforsvaret, men utan at det går for djupt. Det skal heller verte satsa på ei breiare innføring i mange tema. I tillegg vil ein at magasinet skal føre til dialog mellom Generalinspektøren i Sjøforsvaret og lesarane.
Dette skal mellom anna skje gjennom spalta ”Spør Generalinspektøren” der folk kan sende inn sine spørsmål til ”I Marinen” redaksjonen og få svar i neste blad. Bladet skal endre seg med samfunnet rundt, og vere eit samhandlande blad.
Redaksjonsmedarbeidarar i I Marinen. Frå venstre: Endre Hopland, Vidar Hope, Katrine Gramshaug, Gunnar Vetlejord, Øyvind Breivik. Foto: Egil Ingebrigtsen
Gamal redaksjon, nytt blad
Målet med det nye bladet er å skape meir kontakt med yngre befal, med folk i Sjøforsvaret og skape engasjement. Width trur dette bladet kan vere med på å skape ein betre arbeidsplass for dei tilsette, samt å skape ei meir bevisst haldning til kva Sjøforsvaret eigentleg er som arbeidsplass.
Magasinet tek no over etter dei to tidlegare blada som har vore i Sjøforsvaret, men har heilt nytt innhald, og har berre få element frå dei tidlegare magasina. Både ”Nytt frå Sjøforsvaret” og ”Haakonsvern-Magasinet” er no nedlagde, men redaksjonen i sistnemnde er den same som er redaksjon for det nye magasinet.
Innspel er velkomne
Den daglege redaksjonen har sine lokale i Bergen. Og redaksjonen er opne for forslag.
- Dersom folk har forslag eller innspel til kva som kan gjerast annleis må dei gjerne ta kontakt, avsluttar orlogskaptein Width.
Dersom du er interessert i å få bladet kan du kontakte I Marinen på epost: redaksjonen@marinen.no.
|

|