Forsiden Aktuelt Presse Pekere Fakta Send spørsmål Nettstedskart Søk Kontakt
 
Forsvarsnett :

Innhold


Om Forsvarsnett
 



Åge Andre Breivik, 2004-03-11


Dokumenterer fregattprosjektet

Når fregattprosjektet er ferdig i 2010 skal Forsvaret ha klar filmar for å vise kva som har skjedd under prosessen. –Me har plikt til å vise folk kvar pengane deira endar opp, seier Pia Width i Sjøforsvarsstaben.

Av Åge Andre Breivik, Forsvarets mediesenter


BYGGESETT: Slik såg KNM Nansen ut i oktober 2003. Til sommaren skal båten døypast. Foto: IZAR

Når dei fem fregattane skal vere klare til teneste i 2010, skal altså Forsvaret ha dokumentert heile prosessen, og arbeidet med dette starta allereie tidleg i 2003. I april byrja ein nemleg å filme utdanninga til mannskapet på den fyrste fregatten, KNM Fridtjof Nansen, som skal døypast i mai i år. Fregatt 2005 er prosjektet som skal dokumentere den historiske investeringa til Forsvaret.

Tenker joint
Målet med dokumentasjonen er i tillegg til opplysingsplikta at ein skal ha ein betre reiskap for å rekruttere mannskap til teneste på fregattane.

Samarbeid på tvers av greinene Prosjektet er eit samarbeid mellom:
  • Sjøforsvaret
  • Luftforsvaret
  • Forsvarets logistikkorganisasjon
  • Forsvarets mediesenter
Filmprosjektet er eit samarbeid mellom Sjøforsvaret, Luftforsvaret, Forsvarets logistikkorganisasjon og Forsvarets mediesenter. Desse har ein samarbeidsavtale med Parkas Productions som er ansvarlege for filminga på prosjektet. I dette selskapet er mellom anna Per Yngvar Holm med. Han er kjent som produsent for ”Gutta på tur” på TV2.

Frå søknad til ferdig utdanna
Den fyrste fregatten, KNM Fridtjof Nansen, skal døypast i Spania sommaren 2004. Etter at denne er gjennomført skal ein vere klar med fyrste dokumentarbiten. Ein har til no tre tilnærmingar til dokumentarprosjekt, men det er ennå ikkje klart kva som vert det endelege resultatet.

Det viktigaste ein gjer no er å få dokumentert alt det som er nytt i utdanninga til mannskapet. Dokumentasjonen har føregått sidan april 2003, ved befalsskulen for Sjøforsvaret i Horten. Der skal ein fylgje mannskapet frå dei fyller ut søknaden sin til dei er ferdig utdanna og går om bord i fregattane.

Langt framme teknologisk
Mannskapet:
  • 120 personer
  • 50 befal
  • 32 vervede (menige mannskaper på kontrakt)
  • 10 lærlinger
  • 28 er menig personell på førstegangstjeneste
Mannskapet til fyrste fregatten er allereie ferdig samansett, og i ein tett dialog med skipssjef Hallvard Flesland har prosjektgruppa fått jobba fram mykje dokumentasjon rundt utdanninga til matrosane, og noko av dette har allereie vorte brukt som rekrutteringsvideo for Forsvaret.

Alle dei fem fregattane skal etter planen vere klare til bruk i løpet av 2010, og orlogskaptein Pia Width i Sjøforsvarsstaben seier at dette er eit prosjekt større enn Lillehammer OL og Oslo Lufthavn Gardermoen til saman.
-Dette er det mest teknologiske prosjektet Noreg har investert i, og det ligg langt framme, hevdar Width.


INFO-PLIKT: -Me har plikt til å informere folk kvar pengane deira endar opp, seier Pia Width i Sjøforsvarsstaben. Foto: Åge Andre Breivik, FMS

Eigen film om utdanninga
Prosjektet med dokumenteringa vart starta opp utan stønad frå noko hald, men har enda opp som eit veldig populært prosjekt innan Forsvaret. Det vert no støtta både av generalinspektøren for Luftforsvaret, generalinspektøren for Sjøforsvaret og sjef Forsvarets logistikkorganisasjon.
-Me har plikt til å vise kva skattepengane til folk vert brukte til, seier Width, som meiner dette er eit prosjekt som kan vere med på å auke rekrutteringa til teneste på fregattane.

Filmprosjektet vil halde fram til det fyrste kullet er ferdig utdanna etter fire år. Dette kullet er det same som kom inn i april 2003, og det vil dermed gå tre år til før ein er ferdig med dette prosjektet. Og når dei er ferdige, vil ein samle alt dette i ein eigen dokumentar.

- Inga kjære mor
Prosjektet starta som ein rein dokumentasjon for Forsvaret, men Width meiner det vil vere positivt dersom eksterne medieverksemder vil ha deler av prosjektet til visning.
- Eg er ganske sikker på at mange vil ha informasjon når fyrste dåpen kjem, seier Width. Ho legg til at dette er eit historisk prosjekt for Forsvaret, både når det gjeld kostnader, og utstyrsmessig.


FRIDTJOF NANSEN: Slik skal dei nye fregattane til Forsvaret sjå ut. Illustrasjon: Spleis AS

Langvarig prosjekt: Dokumentasjonen vil vare i alle fall til våren 2007 og inneber til no:
  • 30 timar video
  • eit hundretal fotografi
  • artiklar om emnet
Forsvaret er med dette dokumentarprosjektet ute etter å male eit bilete av korleis tenesta om bord i fregattane er.
- Her er det inga kjære mor, seier Width, som legg til at ein ikkje vil syne eit roseraudt bilete av korleis livet i Forsvaret er.

Kreativt og nytenkjande
- Me håper livet på fregattane er spanande nok til å rekruttere folk, utan å måtte glorifisere livet i Forsvaret. Me vil gjerne styre unna dei verste ”Rambo”-karakterane, då me helst treng mest fornuftige folk i denne tenesta, seier Width, som meiner at det er viktig at Forsvaret viser kva ein står for.

Målet med å gjere dokumentasjonen på denne måten er å få menneska i fokus, og ikkje berre lage ein tradisjonell dokumentar om det historiske synet på fregattane.
-Det er viktig å nå ungdomen, så me må vere kreative og nytenkande, seier Width.

Dette er Fridtjof Nansen-klassa:
  • 134 meter lang
  • 16,8 meter bred
  • fullt lastet: 5300 tonn
  • marsjfarten er 26 knop





 

Relaterte artikler
Ingen relaterte artikler.