
|
Ikkje akkurat knappetelt
Forsvaret sin logistikkorganisasjon jobbar for tida med to materiellprosjekt der telt er ein viktig komponent. Dei nyutvikla telta skal gjere deployering av norske styrkar hurtigare og meir kostnadseffektiv.
Av Frank Rosvoll og Per Arne Juvang (foto), Forsvarets mediesenter
PROTOTYPEN: Ein prototype av den nyutvikla telttypen står på Ørland hovudflystasjon.
Telttypen det er snakk om skal kunne by på levelege forhold sjølv om temperaturen viser frå – 44 til + 46. Teltet har Forsvaret ytt i utviklinga av sjølv, og ein førebels prototype står på Ørland hovudflystasjon. Senter for industriell forsking i Trondheim har vore ein viktig samarbeidspartner for Forsvaret i utviklinga av teltet. I og med at Forsvaret har finansiert utviklinga av telttypen har også Forsvaret eigarskapet til løysingskonsepta. Forsvaret har også sjølv utvikla mykje av inventaret til telta, som skal brukast til alt frå vanlege forlegningar, messer, sanitet, velferd og så vidare. Teltet skal kunne brukast til dei aller fleste formål, med unnatak for verkstadfunksjonar.
Kostnadseffektivt
-Då Forsvaret sende folk til Irak tok vi faktisk i bruk sjukehustelt. Dei fungerte greitt nok, men langt frå optimalt for å seie det pent, seier major Svein Grav, prosjektleiar for basesett FIST-L.
Problemet var blant anna at det luftfylte gummipølsene som heldt telta oppe hadde ein tendens til å bli ”slakkare i fisken” grunna dei store temperaturforskjellane mellom natt og dag. Kollega Rudi Løken frå Hæren legg til at for oppdrag som varer over tid må ein ha telt som fult ut fungerer tilfredsstillande og som er sjølvberande.
Major Løken leier eit prosjekt som omfattar etableringsmateriell for FIST-H, mens Grav leier det tilsvarande prosjekt for FIST-L. Mykje av materiellet i dei to prosjekta blir likt, deriblant det som går på forlegningsutstyr i form av telt. Samla sett kjem Forsvaret til å gå til framskaffing av 350-500 forleggingstelt.
- Når teltet blir teke i bruk ved internasjonale operasjonar ser eg ikkje bort frå at det vil ha interesse for andre land.
NYE TELT SNART I BOKS: Oberstløytnant Inger Sørvåg, programsjef i FLO/materiell/investering, med medarbeidarane major Svein Grav (prosjektleiar FLO-Luft) og major Rudi Løken (prosjektleiar FLO-Hær), er ansvarleg for prosjekta som omfatter den nye telttypen. Major Grav sitt til høgre for Sørvåg.
Ikkje minst har ein oppnått å utvikle ein telttype med mindre driftsutgifter. For ei avdeling på 200 personar treng ein ti forlegningstelt. Eit telt bruker sju liter drivstoff i timen knytta til oppvarming (eller aircondition). For ti forlegningstelt vil det samla utgjere eit drivstofforbruk på 3360 liter i døgnet. Den nye typen er estimert å redusere drivstofforbruket med 30-50% i forhold til dei telttypane Forsvaret bruker i dag.
|

|