Forsiden Aktuelt Presse Pekere Fakta Send spørsmål Nettstedskart Søk Kontakt
 
Forsvarsnett :

Innhold


Om Forsvarsnett
 



Frank Rosvoll, 2004-03-16


Militærpoliti med Nato-standard

SESSVOLLMOEN: Forsvarets militærpolitiskule er med og sett standard for norske soldatar som skal inngå i Natos reaksjonsstyrke. Dei er blant dei fyrste bidraga sidan Nato Responce Force (NRF) vert starta i oktober.

Av Frank Rosvoll og Magnus Iversen (foto), Forsvarets mediesenter


TRYGGER SEG SJØLV: MP-laget som er klar til å ta del i NRF, er godt budd til å ta ansvar for eigen tryggleik. Her øver politisoldatane på ein kontaktdrill.

Det er det endra trusselbiletet som fordrar at Nato har tilgang til styrkar med hurtigare reaksjonsevne. Natos reaksjonsstyrke vil vere dei fyrste på plass i eit konfliktområde, og militærpolitiet vil på manga måter være dei fyrste bland dei fyrste. Personell frå det norske militærpolitiet (MP) er også pionerar i norsk NRF-samanheng.

Open dag på Sessvoll
Eit lag MP-ar har stått i vernebuing for NRF I og II. Ein NRF-periode varer i seks månader.
Nyleg synte dei norske MP-ane ferdighetar andsynes pårørande under ein open dag på Sessvollmoen. Til dagleg er dei sivilistar, men nyleg synte dei foreldre, sysken og kjærestar øyvingar som kontaktdrill og klarering av køyrety. Det blei demonstert bruk av handvåpen, og det blei arrangert ein eigen brief for familiane. Både MP-soldatane og dei pårørande syntes å vere godt nøgd med at det blir lagt stor vekt på å informere dei heime om korleis livet kan arte seg for ein MP i utanlandsteneste. MP-laget, som teller ni mann, er den fyste hæravdelinga som er sertifisert for vernebuing til NRF. Laget inngår i eit multinasjonalt MP-kompani, som inngår i ein tyrkisk leia brigade. Avdelinga står i vernebuing fram til 15. juli.

- Vinn-vinn situasjon
Major Terje Myhre, sjef ved Forsvarets militærpolitiskole, seier til Forsvarsnett at førebuingane for vernebuing for NRF har gitt høvet til å utvikle eigne konsept.
- Vi trenar for å vere i spissen der det skjer. Det er viktig at det vi gjer er godt nok når det gjeld, og at vi har avdelingar som er gripbare. Dette kjem også resten av fagmiljøet vårt til gode, seier Myhre.

Han fortel at utdanninga mot NRF-vernebuing har hatt eit grønare preg enn vanleg, med ekstra vekt på trening av mellom anna kontaktdriller, skyting og fysisk fostring. - Erfaringa frå internasjonale operasjonar viser at vi i større grad må vere i stand til å sørgje for eigen tryggleik. Dei politisoldatane vi har klargjort for NRF utgjer den best trena avdelinga vi nokon gong har stilt til disposisjon, seier MP-sjef Terje Myhre.

Lærer av militærpolitiet
Satsinga på å gjere hæravdelingar i stand til å inngå i større og multinasjonale NRF-einingar byr også på andre utfordringar. Major Dølør viser til behovet for økt interoperabilitet, spesielt innan område som samband og logistikk, men også innan arbeidsprosedyrar og språkkunnskapar. Den ni mann store MP-laget er teken ut til å kunne inngå i eit multinasjonalt MP-kompani, som igjen inngår i ei tyrkisk leia brigade. I ei slik setjing vil norsk berre vere det språket dei norske gutane snakkar seg i mellom.


SER MOT NRF 4: Operasjonsoffiser i Fist-H, major Jens Dølør seier dei er godt i gang med førebuingane for å klargjere Telemark bataljon for NRF 4..

Den store utfordringa kjem når Hæren skal levere ein bataljon til Natos reaksjonsstyrke i fjerde periode. Telemark bataljon samt støtteelement, inntil 800 personar, skal klargjerast for dette oppdraget. Klargjeringa av MP-laget har vore ein slags test av klargjeringa av personell og avdelingar som skal inngå i Nato-styrken.

- I prinsippet vil vi følgje det same konseptet for klargjering til NRF-teneste som militærpolitiet har gjort, men naturlegvis må dette tilpassast at Telemark bataljon er mykje større avdeling. Men prinsippa for mellom anna planverk, evalueringsprosedyrar og vaksinasjonsprogram blir det same for oss. Førebuingane er godt i gong. Vi er i ferd med å utarbeide eit planverk, tilpassar utdanninga av personell, og er i dialog med den nederlandske brigaden kor Telemark bataljon skal inngå, seier major Jens Dølør.

Har nok folk
Per i dag består bataljonen av 449 befal og grenaderar. Dei siste er verva soldatar. Dei som trengst ut over desse må hentast frå noverande beredskapsavdelingar.
- Vi har den mengda personar vi treng på kontrakt for nasjonalt støtteelement. Det kan også nemnast at Telemark bataljon er tilført 30 årsverk ekstra til logistikk på grunn av deltakinga i NRF 4. Når det gjeld materiell har vi i hovudsak det vi treng, seier Fist-H sin operasjonsoffiser.
Konseptet med NRF gir bakteppet for etableringa av Forsvarets innsatsstyrkar. Nå som NRF-konseptet er klart, påverkar denne omstillinga av Noregs hærstyrkar. Vesentleg i den samanhengen er dei auka krava til kvalitet og reaksjonsevne.

- Det er det beste som kunne skjett Hæren. Dette er eit mykje sentralt tiltak for raskt å få på plass forhold og prosedyrar slik at vi evnar å lever styrkar i ei internasjonal ramme. Dette viser veg for Forsvaret i framtida, poengterte oberst Per Nygaard, nestkommanderande i Fist-H.

Major Jens Dølør sluttar seg til oberst Nygaards vurdering av Natos reaksjonsstyrke som katalysator for omstillinga av Hæren. - Eg trur NRF 4 er eit veldig godt høve for Hæren til å bli meir av ein innsatsstyrke. Det er det ingen tvil om, uttaler Dølør.




 

Relaterte artikler
Ingen relaterte artikler.