
|
F-16 får allværskapasitet
Innan 2009 skal alle F16-flya oppdaterast slik at at dei kan levere våpen, uansett lys og verforhold. Med den siste oppgraderinga tek også F16-flya eit kvantesprang i retning av å bli nettverkbasert.
Av Frank Rosvoll, Forsvarets mediesenter
PÅ NETT: Link 16 er eit langt steg mot eit taktisk nettverksbasert kampflyvåpen.
- Når ein flyr eit F-16 med M3 kjenner ein seg litt ”king kong". Verken vær eller lysforhold er noko avgrensing. Med Link 16 får vi internett i lufta. Det gir betre kommando og kontroll i tillegg til eit betre bilete av kva som skjer i luftrommet, seier oberstløytnant Stig Nilsson, testsjef for F-16 M3.
M3 er nemninga for den siste oppgraderinga av F-16 jagarflya, som har hatt tre oppdateringar i tilknyting til MLU-programmet (Mid Life Update). F-16 med M3 blir i desse dagar testa ut på Ørland hovudflystasjon.
Internett i lufta
Oberstløytnant Nilsson orienterte om oppgraderinga på Ørland denne veka, og ga eit bilete av dei tekniske forbetringane flya skal gjennom. Det var ein presentasjon av imponerande og avanserte tekniske løysingar. Eit av hovudelementa i M3 er at flya får Link 16, som den fyrste våpenplattforma i kongeriket. Link 16 er nemninga på ein taktisk datalink. Ein effekt av denne er at ein minskar behovet for kommunikasjon over radiosamband mellom pilotane. Informasjon blir utveksla i staden over ein liten skjerm til venstre for piloten i cockpiten.
- Link 16 er ein av hovudkomponentane i oppgraderinga. På den får vi inn meldingar, statusoppdatering, engasjementsordrar og koordinatar. Systemet gjer at vi får eit klarare bilete av kva som skjer, og i større gard enn før unngår misforståingar og feilvurderingar som følgjer i ein kampsituasjon, seier Nilsson.
I følgje oberstløytnanten er ikkje Link 16 ei ytterlegare byrde for piloten, der simultankapasiteten allereie blir pressa til det yttarste. Nilsson seier Link 16 er ein annan måte å kommunisere på, og at det ikkje vil gjere det vanskelegare å operere våpenplattforma F-16.
- Det er kanskje noko meir krevjande, men er designa for å forenkle og er gjort så brukarvennleg som mogeleg, seier testsjef Nilsson.
Med eit blikk
Den andre store endringa for F-16-pilotane som følgjer M3 er innføringa av eit nytt hjelmsikte, med eit 360 gradar ”head up display”. Relevant data kjem til syne på visiret. Pilotane kan velje om radar eller våpensystem skal følge piloten sine hoderørsler. I praksis kan flygaren bekjempe mål i 90 gradar ut frå sidene ved å å vri på hovudet og peike på målet med hjelmen. Det er ikkje nødvendig å leggje flyet i ein spesiell angrepsposisjon. Måla kan takast ut ved at piloten ser og markerer på det reint visuelt. Ein hjelm med såkalla ”Helmet Mounted Cuing System” kostar om lag 1,5 millionar kronar.
AVANSERT TEKNOLOGI: På hjelmvisiret får piloten dei harde fakta rett i synet. Hjelmen er full av elektronikk som skal hjelpe eit hovud som frå før av er kvikk i oppfattinga.
- Ingen av oss ønskjer å miste ein slik hjelm i bakken, for å seie det sånn, seier oberstløytnanten tørt.
M3 gir F-16-flya moglegheit til å droppe GPS-styrte våpen (satelittbasert navigeringssystem), og det er dette som gjer at flya endrar status til jagarbombefly som kan operere uansett verforhold. I praksis tyder det at norske F-16 er i stand til å bruke bomber med ein presisjon på 5-10 meter, noko som er klar betring av presisjonen.
- Etter oppfatninga mi hjelper oppgraderinga til at vi i F-16 får ei våpenplattform som både er meir relevant og ikkje minst gripbar. Oppgraderinga gjer flya meir eigna til å yte til spesialoperasjonar, i tillegg til at vi aukar interoperabiliteten med våre allierte, seier oberstløytnant Stig Nilsson.
|

|