
|
Relevant demonstrasjon
- Garden er meir enn ei paradeeining, sa forsvarsminister Kristin Krohn Devold etter å ha vore vitne til demonstrasjonar frå Garden onsdag ettermiddag.
Av Åge Andre Breivik og Magnus Iversen (foto), Forsvarets mediesenter
HARD MOTSTAND: Markørane som demonstrerte gav gardistane hard kamp for å få pressa motstanden attende.
Onsdag var forsvarsministeren gjest i gardeleiren på Huseby. Der fekk ho mellom anna sjå masseteneste, eskorteteneste, og korleis soldatane tek seg inn i fiendtlege hus. Med presse til stades fekk ministeren sjå korleis Garden trenar på å handtere hendingar som er særs reelle når soldatane kjem ut i verda.
Relevant trening
- Dette var veldig lærerikt å sjå på, sa Krohn Devold (biletet), som samanlikna demonstrasjonen av masseteneste med det som har skjedd siste veka i Kosovo. Ho nytta høvet til å poengtere at Garden kan gjere meir enn berre å stå vakt og vere på parade.
Ministeren la vekt på at alt ho fekk demonstrert var av typen teneste ho har sett i dei internasjonale oppdraga Noreg har vore ute i. Både det å kome seg inn i fiendtlege bygningar og eskortetenesta har vore viktig før, og siste veka har også massetenesta vist seg å vere lur å trene på.
Rekrutteringsgrunnlag
For det var ein rasande gjeng som kom i mot det lette kompaniet under massetenesta onsdag. Kompaniet har vore inne til teneste sidan juli, og er dermed snart utlærde gardistar. No skal ei av troppene inn i ei spesialiseringsperiode, medan resten av kompaniet skal dimitterast før påske.
Og soldatane som skulle stogge demonstrantane var frå same kompaniet som dei som kom imot. Med flasker flygande gjennom lufta, og slag på skjolda var det ei godt drilla tropp som kjempa imot og pressa demonstrantane attende.
- Me skal hugse at Garden er ei viktig avdeling for rekruttering til internasjonale operasjonar, seier ministeren som fekk inntrykk av at garden var godt eigna til å vere eit rekrutteringsgrunnlag for internasjonale operasjonar, i tillegg til å vere med i kampen mot terror.
RASANDE FOLKEMENGD: Hans Majestet Kongens Garde fekk vise at dei kan meir enn å stå på parade. Her kjempar dei for å halde demonstrantane attende.
Tryggar Oslo
For Garden har eit godt forhold til politiet i Oslo, kan ministeren fortelje. I utgangspunktet er det politiet som har ansvaret ved eventuelle terroråtak mot Noreg, men dersom det er naudsynt vil Garden gå inn med hjelp.
Dette var ein god demonstrasjon på at Noreg har kapasitetar som kan hjelpe dersom krisesituasjonar dukkar opp.
- Det er tryggjande for innbyggjarane i Oslo at Garden har sitt tilhald i byen, og kan tre inn dersom det vert naudsynt, legg ministeren til, før ho set seg i eskortebilen, og vert køyrt til neste post på programmet.
|

|