
|
Kan bruke kvit fosfor i to målområde
Forsvarets forskingsinstitutt har vurdert utvalde målområde i Regionfelt Austlandet der det kan nyttas ammunisjon med kvit fosfor. Store Haraåsen og Gråfjellet Sør blir vurderte som målområde med låg miljørisiko.
Av Frank Rosvoll, Forsvarets mediesenter
REGIONFELTET: Berre i nokre få og nøye utvalde område vil ein kunne nytte ammunisjon med kvit fosfor.(foto: arkiv, FMS)
Bakgrunnen for undersøkinga er Forsvarets ønskje om å tilretteleggje for ein miljømessig forsvarleg bruk av det nye skytefeltet.
- Det avgjerande er at målområdet er av ein slik art at ikkje kvit fosfor blir liggjande i vatn eller jord som er metta med vatn ved bruk av røykgranatar. Vi har kome til at Store Haraåsen og Gråfjellet Sør er eigna til formålet, og at miljørisikoen er låg ved bruk av desse områda, seier Kjetil Longva, forskar ved Forsvarets forskingsinstitutt.
Målområda er vurderte med omsyn til miljømessig risiko knytte til skyting av artilleri- og bombekastargranatar med kvit fosfor. Miljøundersøkinga er initiert av Forsvarsbygg og Østerdal garnison (Militær plangruppe RØ).
Strenge retningslinjer for bruken
Det har vore uroer knytt til eventuelle leivningar ved bruk av røykgranatar. Den miljømessige vurderinga av fem målområde i Regionfelt Austlandet (RØ) er gjort for å sikre at miljømessige risiko blir minimalisert. I tillegg har Forsvarsstaben fastsette eksplisitte retningslinjer for bruk av kvit fosfor i skytefelta.
I retningslinjene blir det blant anna fastslått at slik ammunisjon berre skal skytast mot nokre få og nøye utvalde målområde, og at området skal vere tørt og utan snø, myr eller vassspegel. 18. mars gav Statens forureiningstilsyn (SFT) Forsvaret eit utsleppsløyve, der SFT sluttar seg til Forsvarets konklusjon der dei to konkrete målområda blir vurdert som eigna til slikt bruk. Forsvaret fekk eit utsleppsløyve som tillèt at det blir brukt inntil 3,5 tonn kvit fosfor i RØ i året.
Nitidige undersøkingar
Dei fem forskjellige målområda, Store Haraåsen, Gråfjellet sør, Fagerfjell nord-aust, Raudfjellet vest og Desetknubben sør, blei vald ut frå kor eigna dei er som nedslagsområde med omsyn til topografi, grunnforhold, humusdekke, avstand til våtområde og tålegrense for syrar for tilhøyrande vassførekomst. Norsk institutt for vassforsking har assistert Forsvaret i utveljinga av målområda som er undersøkt. Forsvarets forskingsinstitutt (FFI) vurderingar er baserte på synfaring av dei aktuelle målområda, og dei har filma områda frå helikopter. I tillegg har FFI gjort feltarbeid for å kartleggje våtområde (myr, bekk, tjern) i terrenget ved målområda. Det er også teke jordprøver for å undersøkje jordsmonnet.
Miljørisikoen kan vere omfattande dersom kvit fosfor blir liggjande i såkalla ”vandig miljø” tilgjengelig for fauna eller menneske. Hovudkriteria for vurderingane av målområda er målområda si væte, evne til å filtrere vatn (danning av vassdammar), avstand til våtområde, og konsekvensar ved bom på målområdet. Målområdet er definert som innanfor ein sirkel med diameter på ein halv kilometer, som samsvarer med den militære definisjonen av målområdet sin storleik i planprosessen for regionfeltet. Bom er definert som detonasjon av granatar utanfor målområdet, det vil seie meir enn 250 meter frå sentrum i målområdet. Målområda er vurderte som eigna dersom det oppfyller miljøkrava utan vidare tilrettelegging.
Tørt nok
Målområda Store Haraåsen og Gråfjellet Sør er av FFI vurdert som tilstrekkeleg tørre som nedslagsområde for røykammunisjon med kvit fosfor, dersom sentrum i dei to områda blir flytte etter gitte tilrådingar. Då vil bruk av dei to områda ikkje medføre nokon vesentleg miljørisiko, og kan tilråast som målområde heiter det i rapporten, ein konklusjon som Statens forureiningstilsyn har slutta seg til.
- Forutsett at Forsvaret følgjer eigne retningslinjer og FFI sine tilrådingar, vil bruk av ammunisjon med kvit fosfor i desse områda vere miljømessig forsvarleg, seier Kjetil Longva, som har leia arbeidet med rapporten.
|

|