
|
Leier FN-observatørane i Libanon
Noreg har i dag mindre enn 20 mann i FN-teneste. Ein av dei, kommandørkaptein Ove Rio, har ei sentral stilling som leier av observatørkorpset i Libanon.
Av Frank Rosvoll, Forsvarets mediesenter
NORDMENN I FN-TENESTE: Frå venstre: kommandørkaptein og sjef OGL Ove Rio, major og FN-observatør Rune Bakken og Svein Kristian Løtveit. (foto: UNTSO)
UNTSO (United Nations Truce Supervision Organization) er den eldste misjonen åt FN, og blei oppretta i 1948 som ein fredstryggjande operasjon etter delinga av Palestina og opprettinga av staten Israel. Framleis er UNTSO sitt mandat å overvake den skøyre freden mellom Israel og naboane Libanon, Egypt, Jordan og Syria. Noreg har hatt ei vedvarande deltaking i UNTSO sidan 1955, og i eit snautt halvår har kommandørkaptein Ove Rio leia den største enkeltstasjonen i UNTSO-systemet, Observer Group Lebanon (OGL). Dette er fyrste gong OGL har vore leia av ein norsk offiser. Jobben som sjef for OGL er ei åremålsstilling, slik at kommandørkaptein Rio har jobben i eitt år. Norske offiserar har hatt leiinga for andre enkeltstasjonar i UNTSO, men aldri tidlegare den i Libanon. Tidlegare general Martin Vadset er den nordmannen som kledde den aller høgaste stillinga i UNTSO, som Chief of Staff.
Ein av få nordmenn med blå beret
Kommandøren kom frå ei stilling i teknisk divisjon i FLO i Bergen, då han begynte som leiar for OGL i november i fjor. Den største enkeltstasjonen åt UNTSO tel 50 observatørar, sju stabstilsette og ein del lokalt tilsette. 21 nasjonar er representerte i OGL, og tre av desse er nordmenn. Forutan Ove Rio jobbar dei to majorane Rune Bakken og Svein Kristian Løtveit som observatørar. I heile UNTSO er det tilsett tolv nordmenn, opplyser Rio, noko som utgjer om lag to-tredeler av alle nordmenn i FN-teneste. Hovudkvarteret til OGL er Naqura.
Lite uro langs grensa
Hovudoppgåva til OGL er overvake tilbaketrekkingslinja, rapportere eventuelle brot i forhold til denne samt aktivitetar som kan true våpenkvila i området, og melde frå om hendingar i området som kan påverke internasjonal fred og tryggleik. Den nemnde tilbaketrekkingslinja følgjer i all hovudsak grensa mellom Israel og Libanon. Konflikten omkring området Cheeba Farms i nærleiken av Syria er framleis levande. Israel trekte seg ut av Libanon i april 2000, men okkuperer framleis Cheeba Farms som blir sett på som libanesisk område av militsen Hizbollah. Ein lågintensitet geriljakrig har helde fram i dette området, mens det i all hovudsak er fredeleg i resten av grensestrøka til Libanon som så mange nordmenn har inngåande kjennskap til.
Familien er med
Sjefen for observatørane i Libanon er ordknapp på spørsmål om korleis han vurderer situasjonen i området, og viser til at han er tilsett hos og rapporterer direkte inn til FN-systemet. Likevel seier han følgjande:
- Alle observatørane bur i Tyr i Sør-Libanon. I likskap med ein av mine norske kollegaer bur eg saman med min familie her. Eg har ingen tvilar med å bu i området, seier kommandørkapteinen som leier FN sitt observatørkorps i Libanon.
Fram til 2002 var dei tilsette i observatørkorpset busatt i Nord-Israel, men dei betra tilhøva i Libanon dei seinare åra har gjort det forholdsvis trygt å bu nærare jobben.
|

|