Forsiden Aktuelt Presse Pekere Fakta Send spørsmål Nettstedskart Søk Kontakt
 
Forsvarsnett :

Innhold


Om Forsvarsnett
 



Frank Rosvoll, 2004-04-06


Norsk brannpersonell til Kabul

Noreg skal stille med brannmannskap i ein internasjonal operasjon i regi av Nato. Personellet blir rekruttert frå sivilt brannvesen og brannpersonell tilhøyrande Luftforsvaret sitt basesett.

Av Frank Rosvoll, Forsvarets mediesenter


STYRKAR INFRASTRUKTUREN: Norske brannmannskapar skal hjelpe til med å byggje opp brann- og havaritenesten ved Kabul internasjonale flyplass. Arkivfoto: Andreas Fadum, FMS

Brannpersonellet skal inngå i Noreg sitt bidrag til den Nato-leia ISAF-operasjonen (International Stabilization Assistance Force) i Afghanistan. Justisdepartementet gav i slutten av januar Direktoratet for samfunnstryggleik og beredeskap (DSB) i oppdrag å vurdere om brannpersonell kunne hjelpe med å etablere brann- og havariteneste ved flyplassen i Kabul. Personellet som melder seg inngår som ein del av Forsvarets eigen uniformerte styrke, og skal inngå i ei nordisk eining under islandsk leiing.

Stor interesse
Hans Kristian Madsen, avdelingsleiar ved DSB seier til Forsvarsnett at dei ikkje har hatt problem med å skaffe kvalifisert personell som ønskjer å delta.
- Det har gått veldig bra. Vi har meir enn nok frivillige som er interessert i utanlandsteneste. Vår interne søknadsfrist gjekk ut i går, og vi kan stille med nok folk til den fyrste kontingenten og vel så det. Sjølv om vi primært vende oss til brannvesenet i Oslo og Bergen, har vi fått om lag 50 førespurnader frå brannpersonell frå andre delar av landet, seier Madsen, som har inntrykk av atmange av søkjarane har erfaring frå internasjonal teneste i Forsvaret.

Tryggleik i høgsetet
Omsynet til brannpersonellet sin tryggleik er sentralt, og vil ivaretakast gjennom avtalar og trening fram til utplassering i Kabul. Kaptein Christian Kvamme frå Forsvarets innsatsstyrker-Hær, som har ansvaret for det norske bidraget til ISAF, seier at brannpersonellet skal gjennom ein grunnpakke før dei startar tenesta i Afghanistan 1. juni. Det vil seie at brannfolka skal trenast i grunnleggjande militære dugleikar, til dømes våpenhandsaming og stridsteknikk. Personellet skal også motta brannfagleg opplæring i militær kontekst. Kvamme seier at halvparten av det norske bidraget kjem frå sivilt brannvesen, mens den andre halvparten blir plukka ut frå militært brannvesen tilknytt Luftforsvaret. Noreg har sagt seg villig til å stille med personell til brann- og havaritenesta i Kabul for ein periode på inntil to år.




 

Relaterte artikler
Ingen relaterte artikler.