Forsiden Aktuelt Presse Pekere Fakta Send spørsmål Nettstedskart Søk Kontakt
 
Forsvarsnett :

Innhold


Om Forsvarsnett
 



Frank Rosvoll, 2004-04-07


Rolig påske i Kosovo

- Forholda har roa seg monaleg, og det står berre bra til med det norske personellet i innsatsstyrken, seier Jan Harald Tomassen, presse- og informasjonsoffiser i Norwegian Task Force (innsatsstyrken).

Av Frank Rosvoll, Forsvarets mediesenter


ROLIG: - Dei aller fleste av innbyggarane i Kosovo ønskjer å leve eit fredeleg liv, og dei aller fleste tok heller ikkje del i opptøyane som råka provinsen i forrige måned, seier kaptein Jan Harald Tomassen.(foto: Torbjørn Kjosvold, FMS)

Dei omfattande opptøyane i Kosovo som starta i midten av mars har stansa. Prisen for den hardt prøvde befolkninga blei høg. 19 personar blei drepne, meir enn 800 bustader blei stukne i brann, det same blei 29 kloster og kyrkjer, og 150 køyretøy blei øydelagde under uroa i følgje ei oversikt frå FN sin administrasjon i provinsen. I likskap med andre KFOR-avdelinger har den norske innsatsstyrken gjort ei rekkje pågripingar av personar mistenkt for å leia opptøyane.
- KFOR sin leiing prioriterer etterforskinga av kva som skjedde i samband med opptøyane, opplyser kaptein Tomassen til Forsvarsnett.

I normalt gjenge
Den norske innsatsstyrken har fått mange lovord for å ha hjelpt til å slå ned dei veldige opptøyane. Dei blei sette inn i eit område sør for provinshovudstaden Pristina, kor ei albansk folkemengd fleire gonger prøvde å ta seg inn i serbiske landsbyar. Tomassen fortel at det store fleirtalet av befolkninga i Kosovo ønskjer å leve i fred og ei heller deltok i opptøyane.
- Det bur om lag to millionar i provinsen. Dei aller fleste hadde inga tilknyting til opptøyane, seier han.

Framleis spent
Situasjonen i Kosovo har dempa seg mykje, men det er framleis ei viss spenning i provinsen. Den norske innsatsstyrken held derfor vanleg vernebuing, for å vere klare til å rykkje ut dersom urolighetene veks igjen. I den norske leiren Lebane har mannskapet fått tid til å kome i normalt gjenge og til å vedlikehalde utstyr og dugleikar.
- Erfaringane syner at ting fungerer, frå organisasjon og heilt ned på enkeltmann sitt nivå, seier kaptein Jan Harald Tomassen, presse- og innformasjonsoffiser i innsatsstyrken.




 

Relaterte artikler
Ingen relaterte artikler.