
|
Nytt leiingsbygg på Akershus vedteke
Omreguleringa i samband med det nye leiingsbygget på Akershus festning er no ferdig handsama. Oslo bystyre godkjende den nye reguleringsplanen i forrige veke.
Av Åge Andre Breivik, Forsvarets mediesenter
RIVING: Rivinga innvortes i bygget er allereie i gang. Foto: Torgeir Haugaard. FMS
Det nye bygget har Forsvarsbygg som eigar, på vegne av Forsvarsdepartementet (FD). Bygget skal vere ei blanding av den gamle Verkstadgården på Akershus festning og eit nybygg, og skal stå ferdig tidleg i 2006.
- Rivearbeidet i den eldre delen av bygget er allereie i gang, og byggestarten for den nye delen skal byrje i oktober eller november, seier underdirektør Kåre Helland Olsen i FD. I den nye bygningen skal både FD, Forsvarsstaben og Forsvaret si tryggingsavdeling inn, i tillegg til støttefunksjonane i Forsvaret.
I tillegg er det fremma forslag om at konsernstaben i Forsvarets logistikkorganisasjon skal bruke bygget, men dette er ikkje vedteke ennå. Til saman er det 560 personar som skal inn i det nye bygget.
Det er Forsvarsbygg som har ansvaret for å få huset bygd, og utover sommaren skal tida brukast til å bestemme kven som skal stå for byggjearbeidet. I mai skal planane sendast ut til dei aktuelle kandidatane, som innan juli må ha kome med sitt tilbod.
Det er fem firma som er førehandskvalifiserte, og alle har røynsle frå arbeid med Forsvaret frå tidlegare. Under ombygginga av bygning 64 og 66, som no er i bruk av Forsvarsstaben, var det Selmer Skanska som stod for arbeidet. Skanska er også med i løpet denne gangen. Eit av dei andre selskapa, AF Ragnar Evensen, er i gang med eit rehabiliteringsprosjekt i Gardeleiren på Huseby, medan dei tre andre er involverte i leiingsbygget allereie.
PROSJEKTLEDER: Kjell Syversen i Forsvarsbygg er godt nøgd med vedtaket i bystyret i Oslo. Arkivfoto: Magnus Iversen, FMS
NCC og Peab har starta riving innvortes i dei bygga som skal brukast i prosjektet, medan Veidekke i april skal byrje arbeidet med å endre infrastrukturen på tomta for den nye konstruksjonen.
Når no bystyret i Oslo, mot to stemmer, har bestemt seg for å godkjenne planane, er det ein nøgd prosjektleiar Kjell Syversen som held fram med prosjektet.
"Komiteen mener at det foreliggende prosjektet er et godt eksempel på hvordan gammel og ny bebyggelse kan integreres og tilpasses hverandre. Det er svært positivt at Skolebygningen og Verkstedsbygningen bevares og tilbakeføres til opprinnelig stand, og integreres som en del av et større og moderne byggeprosjekt.” Det står i byutviklingskomiteen si innstilling til bystyret.
- Det er hyggeleg å få ein så positiv omtale av prosjektet allereie i startgropa, avsluttar Syversen.
|

|