
|
Brødrene Dal kjempar for Norge
HUSEBY: Når Brødrene Dal legg ut på nye eventyr for å hindre at Noreg må attende til unionen med Sverige, er Forsvaret med på mykje. No har gjengen komt til både i gardeleiren og på festningane Akershus og Fredriksten.
Av Åge Andre Breivik og Magnus Iversen (foto), Forsvarets mediesenter
STØL: -Det er litt stølt å byrje igjen, seier Lars Mjøen ti år etter siste ”Brødrene Dal”-serie. Gjengen er no midt i innspeling av fjerde serien i rekkja.
- Me har hatt problem med Forsvaret tidlegare, men denne gongen har dei teke imot oss med opne kanonmunningar, seier Trond Kirkvaag. I går var han og resten av KLM i gardeleiren for å filme til neste serie av ”Brødrene Dal”.
- Det kan vel feiltolkast, ler Knut Lystad, som presiserer at dei har vorte veldig godt mottekne denne gongen.
- Tidlegare har me ikkje fått lov til å filme inne på Akershus festning i det heile, men denne gongen har me fått tilgang til både Akershus og Fredriksten festninger, legg Lars Mjøen til.
Tre og ein halv spelefilm
Det er ti år sidan sist serie med ”Brødrene Dal” vart innspelt. I fjor haust starta innspelinga til denne serien, som er den fjerde i rekkja. ”Brødrene Dal og Karl XIIs Gamasjer” er laga med tanke på hundreårsjubileumet for unionsoppløysinga neste år.
- Det er fyrste gong me har skrive eit manus for ei særskild hending, seier Kirkvaag, som meiner det er mykje nytt for dei i denne serien. Mellom anna trur gjengen at det må vere det mest avanserte manuset dei har skrive. Ein imponerande tanke, sidan dei faktisk ikkje brukte meir enn tre månadar på å skrive ferdig manuset.
- Me skreiv manus til å fylle tre og ein halv spelefilm på tre månader, smiler Kirkvaag.
Same alder som forsvarssjefen
Det er nokre år sidan sist KLM har vore saman om å skrive eit så stort manus, men likevel gjekk det berre få timar før kjemien sat, og skrivinga gjekk som før. Med glimt i auget legg Kirkvaag til at dei har ligge i høgdehus sidan nyttår for å kome i form til innspelinga. Og i høve til manus er dei nøgde.
Serien handlar denne gongen om frykta for å gå attende til union med Sverige. Etter lett manipulering av historia, er Noreg nøydde til å levere attende kong Karl XII sine gamasjer til Sverige innan 7. mai 2005, elles vil ein klausul i unionsoppløysinga føre til at Sverige nok ein gong får kontrollen over Noreg.
ELDRE: - Den observante sjåar vil nok legge merke til at det er mindre kroppslege aktivitetar i denne serien enn dei tidlegare, smiler Trond Kirkvaag (t.v.). Knut Lystad (t.h.).
- Me har oppdaga at oberstar og liknande er om lag ti år yngre enn oss, ler Mjøen når han tenkjer på kvifor dei har slept til hjå Forsvaret denne gongen.
- Desse folka har jo vakse opp med galskapen vår, kanskje er det difor, småler han, før Knut Lystad legg til at det er skummelt å vere like gamal som forsvarssjefen.
Lettar hjartet
For gutane i KLM har alle ei historie bak seg i Forsvaret. Trond Kirkvaag var vognførar i Nord-Noreg, medan Knut Lystad ikkje er sikker på om det var korporal eller general han var i infanteriet. I si karriere var han i stabskompaniet på Sessvollmoen, i tillegg til at han fekk ei veke som utvekslingssoldat til Skottland.
- Ein god plass å kome som korporal, smiler han lurt.
Lars Mjøen var i Forsvaret i to og eit halvt år før han bestemte seg for å verte militærnektar.
- Eg verva meg for å få bestemme kvar eg skulle vere under tenesta, og vart til og med kvartermeister i Marinen. Men då eg etter å ha fullført to og eit halvt år i Marinen vart innkalla til Heimevernet, var det berre ein veg ut, smiler Mjøen, som verkar letta over å ha fått fortalt historia han har gått og heldt på i mange år.
10 episoder
Til denne serien har NRK fått god hjelp frå Forsvaret. I tillegg til at ein har fått filme både på Fredriksten festning og Akershus festning har dei også fått låne statistar frå Garden. Torsdag kveld var fem av statistane vernepliktige. Opptak vil også skje i Gamle Logen ved Akershus festning.
Serien ”Brødrene Dal og Karl XIIs Gamasjer” har premiere 8. januar 2005, og skal visast på NRK1 laurdag 19.55. Det er i alt ti episoder, kvar på 25 minutt. I tillegg vert det samstundes laga ein bakomfilm om serien.
- Ein annan ting som er nytt for oss er at for å få med alle oss i same biletet måtte denne serien filmast i Wide Screen, ler Kirkvaag.
|

|